- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
82

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 8. Samanknyting og framattkalling av fyrestellingar hjå born

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

82

8. Samanknyting og framattkalling av
fyrestellingar hjå born.

Me veit at fyrestellingane har lag til å knyta seg
saman soleis, at kjem ei fyrestelling fram i tankane, so
har denne fyrestellinga makt til å draga andre fyrestel*
lingar etter seg. Det er dette me kallar samanknyting
eller assosiasjon av fyrestellingar. Døme: Eggårframum
eit fruktutsal og kjenner eplelukt. Straks kjem eg til å
tenkja på kva farge og skap epla vanleg har, og korleis
dei smakar, kanskje og på epletre og frukthagar og bygder
der dei dyrkar mykje slik frukt o. s. b.

Det har vore lagt mykje arbeid på å finna lover og
reglar for fyrestellingsassosiasjonen. Det er langt frå at
alle granskarar er heilt samde um desse lovene. Men dei
ymse synsmåtar um det ligg utanfor det eg skal tala um
her. Eg skal berre nemna, at hovudregelen tvillaust er
den, at dei fyrestellingar som har vore samstundes i med*
vitet eller fylgt like etter kvarandre, dei fyrestellingar har
lag til å fylgjast åt seinare og. Kjem ei av desse fyre*,
stellingane upp i medvitet, so går det gjerne so, at dei
andre og skyt fram, den eine etter den andre. Det er som
um dei var knytte saman med eit band so den eine drog
den andre etter seg.

Barnet er ikkje gamalt fyrr det syner merke på at
fyrestellingar har knytt seg saman. Når det vesle barnet
vert lagt til morsbrystet og det tek til å suga, so får det
samstundes hudkjenningar, rørslekjenningar og smakskjen*
ningar. Ein 8 dagar gamal gut som fekk kjenna eit klæde*
plagg røra ved kinna, tok til å smatta med munnen som
vilde han suga. Same guten hadde frå 10. levedagen
vorte van til å drikka av ei mjølkeflaske. Og kvar gong
han skulde drikka, vart ein klut lagd under haka og inn
til kinna. Den 20. levedagen, då ein klut vart lagd inn
til kinna på same måten, synte guten tydelege teikn på

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0084.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free