- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
83

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 8. Samanknyting og framattkalling av fyrestellingar hjå born

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

83

at han venta å få drikka. Sju veker gamal tok han til
å vilja suga og svelgja berre han høyrde klirringa av
flaska. — Legg ein merke til barnet, vil ein soleis tidleg
sjå tydelege vitnemål um at det har fått assosiasjonar.
Desse assosiasjonane som barnet får inn reint umedvitande,
har mykje å segja i barnet sitt liv. Men dei gjeld lenge
serleg slike ting som det har lært å kjenna gjenom san*
sane. Abstrakte fyrestellingar har ikkje det vesle barnet,
og det kann difor heller ikkje verta assosiasjon millom
andre fyrestellingar enn dei konkrete i den fyrste tid.
Seinare kjem sjølvsagt og andre til.

Dersom fyrestellinga A dreg etter seg fyrestellinga B,
so segjer ein at A kallar fram eller reproduserar B. A
vert og kalla verkefyrestelling og B den framkalla eller
reproduserte fyrestelling. — Den tid som går frå A er
uppkomen til B vert framkalla, kallar ein framkallingstida
eller reproduksjonstida.

No veit me at det har so ovleg mykje å segja for det
åndelege arbeidet ein kann få til, kva slag fyrestellingar
som kann verta framkalla i dei ymse tilfelle, og kor snart
dette framkallingsarbeidet går. Når me so skal freista få
kjennskap til den åndelege verksemd hjå barnet, so vilde
det vera til ovstor hjelp for oss um me kunde få greie
på korleis det er med reproduksjonen eller framkallinga
av dei ymse fyrestellingar i barnet sitt medvit. Veit me
so korleis det er med dei vaksne i tilsvarande tilfelle, so
har me høve til å gjera samanlikning millom barnet og
den vaksne. Og då vilde me og verta sette i stand til å
vera meir skynsame i krava våre til barnet. Truleg vilde
me då og kunna skyna betre korleis me skulde hjelpa
barnet i ymse tilfelle. — Det er soleis ikkje underleg at
psykologar i den seinare tid har granska so mykje nettupp
fyrestellings*framkallinga hjå born. Med små born er
det sers vanskeleg for ikkje å segja rådlaust å driva
slike etterrøknader vitskapleg. Difor er det helst med born
i 7*14*årsalderen det har vorte gjort eksperiment. Ein
kann då gå fram soleis, at ein nemner eit ord for barnet,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0085.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free