Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 8. Samanknyting og framattkalling av fyrestellingar hjå born
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
85
Framkallingstidene etter konkrete og abstrakte verke*
ord høvde til kvarandre for 11 års gamle born som 1 : 2,
for 14 års gamle born som 3: 5 og for born i alderen
11 — 14 år i det heile som 1,7: 3.
Liknande etterrøknader som har vore gjort både i
Tyskland og andre stader, peikar i same lei endå um tala
kann vera andre stundom. Det er tvillaust at det valdar
barnet mykje større vanskar å arbeida med abstrakte enn
med konkrete fyrestellingar. Ja desse vanskane er ofte so
store at arbeidet heilt stoggar.
Hjå vaksne menneske er det og so, at framkallings*
tida er lenger når det er eit abstrakt enn når det er eit
konkret verkeord det vert prøvt med. Men skilnaden er
so mykje mindre enn hjå born. Serleg er det so, dersom
det vert prøvd med folk som har lese og tenkt mykje.
Ser ein på korleis det framkalla ordet høver til verke*
ordet, so finn ein at hjå barnet er det svært ofte liten eller
ingen tankesamanheng. I alle fall er det sjeldnare nokon
logisk tankesamanheng enn hjå dei vaksne. Det er stun*
dom berre klangen i ordet eller eit slag likskap i ljodbileta
som må ha ført tanken frå verkeordet til det ord som
vart framkalla, t. d.: vakt — lagt, forstå — forgå. Ein
finn her eit slag rimreproduksjon. Det er det reint ytre,
og ofte det reine slumpehøve barnetanken fylgjer. Ein
segjer av den grunn at framattkallinga er ofte so «sprin*
gande» hjå born.
Ein slik springande reproduksjon, som ofte vert til
ved eit slag klanglikskap i orda, kann ein rett som det
er, leggja merke til i den jabbing som og sume vaksne
folk kann finna hugnad i. Små vitsar, lenter, har ofte
ikkje nokon annan grunn. Ein som set litegrand krav til
tankesamsvar, kann kjenna seg mest som sjøsjuk når han
høyrer på kva mange barnlege sjeler kann halda for
reine fulltreffarar av ordhitt.
Sume born kann vanskeleg koma burt frå den fyre*
stelling eller det fyrestellingsslag som ein gong er kome
upp i tankane. Verkeordet «blå» t. d. kallar berre fram
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>