- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
86

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 8. Samanknyting og framattkalling av fyrestellingar hjå born

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

86

ordet blå (uppatt*taking) eller sers blå, blåvore eller
noko med blå i alle fall. Eit nytt fyrestellingsinnhald
kann ikkje koma upp i tankane. Slike tilburdar vert kalla
perseverasjon. — Det er helst yngre born som har det på
denne måten. Og so eldre men lite åndsmogne. Ei
slik fasthalding av same fyrestellingsinnhaldet er sers ofte
eit merke på små evner. — Men ingen regel utan undan*
tak, soleis her og, meiner sume. Det ser ut til at perse*
verasjon og kann vera eit merke på åndeleg kraft (og
i det tilfellet ikkje skriva seg frå åndeleg armod). Held
denne synsmåten stikk, so skulde perseverasjon vera
sjeldnast hjå medels evnerike born.

At barnet har lag til å halda fast på det fyrestel*
lingsbiletet det ein gong har fått, har me eit døme på i
den velkjende røynsla at det gjerne vil ha ei forteljing,
eit eventyr t. d., fortalt i same ordelag gong på gong.
Skifting av den ytre bunad bryr ikkje barnet seg um. Det
likar best det ordbiletet det kjenner frå fyrr. — Dette
serlag hjå barnet er vel og ein grunn til at «barneregler»
feil so i barnet sin smak.

Det er fyrr peika på at barnet tenkjer mykje mindre
i ordfyrestellingar men meir i sakfyrestellingar enn me
vaksne. Barnet si tenkjing går ikkje for seg som ein
stilltegjande samtale so som det er med mange vaksne i
alle fall. Barnet tenkjer i fyrestellingar som er bygde upp
gjenom sansing av sjølve tingen. — Det er då og skynleg
at barnet arbeider mest med serfyrestellingar og mindre
med ålmennfyrestellingar. Det er serfyrestellingar barnet
har mest av, og dei er lettast å kalla fram, når barnet
får eit høveleg verkeord. Er verkeordet t. d. husdyr, og
det kallar fram hjå eit barn ordet hund, so vil det vera
«hunden vår» som står for barnet sin tanke. Ja ofte
vil det vera «hunden vår» den eller den gongen, so som
han då låg eller stod, i den eller den stilling. Fyre*
stellinga vert fest til ei viss tid eller ein viss plass. —
Hjå vaksne er slike reproduksjonar sjeldne. Professor
Meumann fortel at av mange tusen reproduksjonar hjå

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0088.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free