- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
103

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 10. Barnet sitt mål

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

103

andre. Me har bruk for å gjera dei usanselege tankane
våre skynlege for kvarandre. Og då må me gå ein um*
veg. Me må bruka eit middel. Dette middelet må vera
soleis at me kann uppdaga det ved sansane si hjelp. Og
det må vera soleis at det som me sansar, vert eit merke
på eller eit symbol for den usanselege fyrestelling.

Eit slikt middel nyttar barnet når det skrik eller lær
eller grin. Sjølve ulyst* eller lystkjensla hjå barnet kann
me ikkje verta vis med. Men me ser eller høyrer noko
som me tek til merke på eit visst sjeletilstand hjå barnet.
Barnet har for det fyrste i alle fall ikkje nokor viss meining
med denne talen. Det nyttar reint naturgjevne rørsler.
Ingen har lært det at det skal skrika når det kjenner seg
uvel, og læ når det kjenner seg uvanleg godt i lag, og når
livet rører seg serleg sterkt og lett. Det sjeletilstand barnet
er i, fører reint naturgjeve til slike kroppsrørsler. Soleis
er det med »minespråket« som me gjerne kallar det. Av
den grunn kann me og segja, at dette målet, denne måten
å skynleggjera det usanselege sjeletilstandet, han er i
fullaste mun millomfolkeleg, internasjonal. Han er den
same hjå alle folk og til alle tider. Difor skynar me og
dette målet utan nokor målupplæring.

Endå barnet upphavleg ikkje har nokon tanke um
å segja noko til nokon med minespråket sitt, so går det
ikkje so lang tid fyrr det kjem til å bruka ymse åtferder
med ei viss meining, med eit visst formål for augo.
Når barnet skrik dersom det kjenner seg uvel, so vil
dei vaksne koma til å leggja merke til barnet og truleg
stella med det so det snart får det likare og kann kjenna
seg til freds att. Tek no slikt seg uppatt fleire gonger,
so vil det verta til ei samanknyting av fyrestellingar,
ein assosiasjon hjå barnet. Ulystkjensla dreg etter seg
tanken um middelet som fyrr har ført til at barnet kom
burt frå dette tilstandet, som det ikkje kann lika. Og
so skrik eller grin barnet, eller det skuvar med hendene
og rister på hovudet eller spenner med føtene med ei viss

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0105.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free