- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
104

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 10. Barnet sitt mål

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

104

meining um å få eller sleppa det som det no i augneblin*
ken tenkjer på.

Det er ikkje noko rikt mål dette minespråket. Det
er ikkje mange måtar å velja millom. Og ikkje mange
ting som kann verta sagde med det heller. Målet er
fattigt på avbrigde. Difor står me og ofte rådville so
lenge barnet ikkje kann nytta nokon annan segjemåte
enn minespråket. Me veit ikkje kva det vil, kva det
ynskjer, kva det meiner. Og so prøver me snart det eine
og snart det andre, og på den måten kjem me so etter
mykje strev til å skyna kva det i røynda er det vil med
maset sitt.

Minespråket brukar me vaksne og ofte, so langt det
rekk. Med andletsdrag, ymse rørsler med musklane i
kinnene, nasen, munnen, i skallen syner me velvilje eller
illvilje, åthug eller vanvyrdnad, likesæle eller vedtaks*
vilje. Når me rister på hovudet eller nikkar, knyter
nevane eller slær ut med armane, dreg på akslene o. s. b.,.
so er det ofte slike uttrykksrørsler som kann gjeva andre
upplysning um kva me i den stunda kjenner, tenkjer og
meiner. Men oftast brukar me morsmålet til teikn for
tankane våre. Det er det fullkomnaste hjelpemiddel me
har til å gjera oss skynlege for kvarandre med. Men å
læra å bruka morsmålet, det tek lang tid for barnet. Me
skal no tala litegrand um det arbeidet.

Når barnet er 6 — 8 viker gamalt, so tek det so
smått til å »babla« som ein segjer. Og med denne bab*
linga driv det meir og meir på heile fyrste året. Det
ligg og liksom leikar med å laga ljodar. Men det har
inga fyrestelling endå um kva ljodar det skal laga. Det
er ikkje tale um å etterlikna ein ljod det har høyrt, eller
retta på nokon ljod det uttalar, for å koma nærare eit
mønster som står for tanken. — Dette bablemålet er
ikkje noko »mål« på den måten at barnet knyter nokon
tanke eller nokor meining til desse ljodane det får til.
Bablinga er ikkje noko teikn eller symbol for noko. Fyrr
barnet tek til med denne bablinga, skrik det berre, dersom

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0106.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free