- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
106

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 10. Barnet sitt mål

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

106

å babla som barnet, ja endå verre, når dei skal tala
med det. Dei tenkjer ikkje på at barnet sit med vakne
sansar og eit naturgjeve lag til å taka etter det det høyrer.
Og at dei vaksne soleis villreier barnet og berre gjer ar*
beidet tungt og mødesamt. Når so mange born segjer orda
på ein ugrei og slurvut måte, so er det svært ofte dei
vaksne si skuld. Her og speglar barnet av dei vaksne.
Og det får lida for det at dei vaksne ber seg narrevore
og toskut åt. Tal klårt og greitt åt barnet! Tak ordet
uppatt langsamt og tydeleg, dersom det feil vanskeleg for
barnet, og artikuler det godt; det er det du skal og bør
gjera. På skulen vil ein då sleppa mvkje mas og møde
som ein elles må ha.

Denne tida då barnet soleis beintfram naturgjeve
tek etter dei vaksne sin tale, varer til fireårsalderen um*
lag. Seinare og tek det noko etter; men då vert det
ikkje berre etterlikning som er drivfjøra. Samstundes med
at barnet lærer artikulera orda, so lærer det og å knyta
fyrestellingar til dei. Orda får innhald. Vanleg er det
so at barnet lærer »innhaldet« av eit ord fyrr det lærer
sjølve ordet. Det har fyrestelling um bordet i stova fyrr
det kann segja ordet »bord«. Sakfyrestellinga får barnet
fyrr det får den tilsvarande ordfyrestellinga. Det er det
vanlege når det gjeld morsmålet. Og sjølvsagt er det
då ofte so, at barnet skynar mange ord som det ikkje
kann segja. Det knyter dei rette fyrestellingar til ordet;
det kallar fram i tankane det rette biletet når det høyrer
nokon segja ordet. Men sjølv greier det ikkje artikula*
sjonen endå. — Noko annarleis vert det nok ofte når
barnet kjem på skulen eller tek til å læra lesa i bok.
Då lærer vel barnet ofte fyrst ordet. Og so kjem ho
seinare fyrestellinga som ordet skal gjelda for. Og stun*
dom vert det vel i lang tid smått med å ha fyrestelling
å knyta til ordet. Det får ikkje innhald, det er tomt.
Det gjeld då serleg abstrakte ord.

Dei ord barnet lærer fyrst, er namnord, og so nokre
utropsord. Namnorda er namn på ting som barnet har

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0108.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free