- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
105

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 10. Barnet sitt mål

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

105

det i det heile let høyra frå seg. Og skriking tek det til
med i denne babletida og, dersom det kjem i ulag. Ein
kann ofte høyra i denne tid at barnet byrjar med å babla,
men går over til å skrika um ei stund. Både skrik*
inga og bablinga er fysiologiske fyreøvingar for den verke*
lege talen. Men bablinga har fleire toneskifte enn skrikinga
og er i so måte eit vitnemål um eit slag vokster og
framgang.

I bablemålet skal vera umlag alle dei ljodar som er
brukte i talemålet, og dessutan ei mengd andre ljodar
som barnet sluttar med å bruka når det har lært
å tala.

Me har fyrr tala um, at i slutten av fyrste året byrjar
barnet å taka etter dei vaksne i mykje som det ser og
høyrer for seg. Det gjeld og talen. Når barnet er års*
gamalt, kann ein høyra det tek til å vilja etterapa talen
hjå dei vaksne. Ord som papa og mama er helst bable*
mål for det fyrste. Men no segjer dei vaksne og desse
orda so ofte åt barnet, og noko etter kvart byrjar det so
å segja dei på ein annan måte enn det har gjort fyrr.
Det kann ein høyra tydeleg. Det bablar ikkje orda. Det
tek etter dei vaksne sin måte å segja dei på. Det syner
seg med ord etter ord dette, jamvel slike ord som ikkje
har nokor rot eller noko upphav i bablemålet.

Det er helst frå barnet er halvtanna år gamalt at
ein kann rekna denne »hermingstida« i målvegen. Det
barn som ikkje i minste mun har teke til med å etter*
likna talen åt dei vaksne når det er 18 månader gamalt,
det barnet er i denne tid seint utvikla. — Ikkje alle ord
er like lette for barnet å få til. For det fyrste er det
berre stutte ord barnet freistar med. Og so har det mykje
å segja kva slags ljodar ordet har. Sume born kann ikkje
greia »s« og »r« fyrr um lang tid. Andre greier »r« kanskje
sers tidleg, medan det kann vera andre ljodar det går
seinare med å få til.

Det gjer so mykje i denne tid um dei vaksne steller
seg vitugt med barnet eller ikkje. Sume vaksne tek til

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0107.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free