Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 11. Minne og hugs
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
122
granskar har meint at han såg teikn på attkjenning jam*
vel hjå eit 9 viker gamalt barn. Ein annan nemner 12
— 13 viker. At halvtårsgamle born kjenner att mor si,
det torer vera vanleg — å segja dersom mora gjev barnet
bryst og steller det dagleg. Men er det ei tid barnet ikkje
ser mora, so kjenner det henne ikkje att um det har vore
kome so langt ein gong at det har drege kjensel på henne.
Fyrst når barnet er årsgamalt, kjenner det att eit men*
neske som det ikkje har set på 8—14 dagar. Og oftast
må det sjå ei stund på vedkomande, fyrr ein kann skyna
det går upp for barnet at det ikkje er plent eit framandt
menneske det har for seg. Det er sjeldan å sjå at eit barn
som er under l1/2 år, kann kjenna att med ein gong eit
menneske det ikkje har set ei tid.
Fleire granskarar har spurt ut ei mengd vaksne um
dei fyrste minne dei har. Her gjeld det då noko som
har vorte sitjande i medvitet so at det aldri har gått burt,
men vorte ei varig eige for sjela Dei svar dei har fått,
ser noko utrulege ut, vil mange tykkja. For me tenkjer
ofte at me hugsar ikkje det minste frå dei fyrste åra.
Men det er so mange vitnemål som peikar i onnor lei,
at det må vel vera sant lel, at minnet kann gå svært
langt tilbake. Av ei mengd svar som tvo granskarar (C.
og W. Henri, samla, fekk dei ut at 7 einskilde minne som
var umtala i desse svara, skreiv seg frå fyrste leveåret,
9 frå fyrste halvpart og 23 frå siste halvpart av det andre
året, 20 frå fyrste halvpart og 19 frå siste halvpart av
tredje leveåret. — Gregor Schmutz spurde ut 250 men*
neske på same måten um kva dei hugsa frå tida fyrr
dei var 4 år. Av desse hadde 28 ialt 48 minne frå den
tida; og av desse 48 skulde 12 skriva seg frå tida fyre
2*årsalderen. Desse upplysningane tyder på at jamvel
frå fyrste leveåret kann eit menneske ha minne for
livet. Og frå andre og tredje året ser det ut til å ikkje
vera so heilt sjeldan at sume minnest eit og anna.
Men det som har sett so djupe merke etter seg, er alltid
noko som har vakt uvanleg sterke kjensler hjå barnet.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>