- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
123

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 11. Minne og hugs

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

123

Det kann sjølvsagt lel ha vore lite viktuge ting for dei
vaksne. Ein eg kjenner, har fyrste minnet sitt frå at han
sat i færingsbåten ein godversdag, mora rodde over fjorden
heime. Men so gjekk nygla or båten, og då mora flytte
tilja og skulde sjå setja ei nygle i att, såg han sjøen fossa
upp gjenom nygleholet. Og dette sette då slik støkk i
han at han minnest dette hendet endå. Guten var då i
tredje året; no er det over fyrti år sidan.

Når barnet er kring 2 år gamalt, kann ein leggja
merke til, at det av og til byrjar fortelja litegrand um eit
og anna det nett har upplevt. Men mesteparten av slike
minne har ei stutt levetid. Nye upplevingar kjem til, og
so er dei gamle heilt burte for alltid.

Me har fyrr nemnt at me ikkje har berre eitt slag
minneevne, men i røynda mange slag. Det syner seg ikkje
minst hjå barnet. Eit barn kann godt alt ha fått eit bra
minne for synsfyrestellingar, men endå ha fælande tungt
for å minnast tal t. d. Nokre år seinare kann og tal*
minnet vera kome til. Minnet er ikkje like tidleg bruk*
ført for alle slag emne. Eller kanskje rettare sagt: dei
ymse slag minnegivnader vert ikkje like tidleg brukføre
hjå eit barn.

Gutane minnest best i den fyrste tid verkelege ting
som dei har lært å kjenna gjenom sansing. Seinare kjem
i denne rekkefylgja minnet for ord: for synskjenningar,
vanlege rørslekjenningar, tonar. So fylgjer minnet for
trykk* og vanlege høyrslekjenningar, og for tal og abstrakte
umgrip. Sist kjem minnet for kjenslerørsler. — Hjå gjen*
tene kjem minnet for ord for synskjenningar fyre minnet
um dei verkelege ting. Minnet for ord for høyrslekjen*
ningar kjem og noko seinare i rekkja enn hjå gutane. —
Både gjenter og gutar har liten givnad til å minnast
kjenslerørsler og skiftingar i kjenslelivet. Serleg ille er
det i 9—ll*årsalderen. I 12—13*årsalderen vert det eit
umskifte i so måte.

Av desse upplysningane skal me serleg leggja merke
til tre ting: 1. Minnet for synsfyrestellingar er tidlegare

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0125.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free