- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
125

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 11. Minne og hugs

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

125

halda vel ut frå kvarandre: 1. Givnaden til å få det
ein vil læra, til å sitja fast med få uppatt=t aking ar. 2. Evna
til å halda i lang tid på det ein ein gong har lært. Desse
tvo ting fylgjest ikkje åt; langtifrå. Ein kann læra fælande
snart, men gløymer det att mest med det same. Ein annan
kann måtta streva lenge fyrr han lærer noko; men so sit
det og spikarfast kanskje.

Når det gjeld å prenta noko inn so snart som råd
er, so er den vaksne mykje betre enn barnet. Det har
vore ei vanleg meining at barnet skulde ha so lett for å
læra utanboks t. d. Det er eit stort mistak. Det arbeidet
greier me vaksne i det store og heile mykje lettare. Ja
skilnaden er so stor, at ein kann segja at eit vakse men*
neske under ellers like vilkår lærer dobbelt so snart som
eit barn i 10—12*årsalderen. Og eit 14*år gamalt barn
lærer dobbelt so snart som eit 7*år gamalt. Det bør me
vaksne, og ikkje minst me lærarar, hugsa når me stiller
krav til borna. —

Givnaden til å læra snart ser ut til å veksa til men*
nesket er over 20 år. Mange trur at i 22—25*årsalderen
når ein høgdemålet i so måte. Etter den tid ser det ut
til å vera stillstand — kanskje heller litegrand tilbake*
gang. Men vanleg er ikkje det noko nemnande fyrr i
45—50*årsalderen. Seinare går det noko nedover, men
ikkje so sterkt som folk gjerne har lag til å tru.

Kvifor trur mange 30—40*åringar det, at dei har mist
so mykje av hugset sitt? Det kjem av det, at dei no har
fått so mykje lettare for å gløyma enn fyrr. Dei lærer
truleg mest like snart som i 20*årsalderen, og mykje
snarare enn i 10*årsalderen. Men det sit ikkje fast som
det gjorde i den tid, det dei fekk innprenta. Dei som har
vore lærarar på skular der elevane kann vera frå 17 til
35 år gamle, vil visst ha lagt merke til, at dei som er
komne upp i 30*åra, dei kann vera sers glupe til å hugsa
det dei skal kunna til kvar dag. Men til eksamen vil
det gjerne gå mindre bra lel. Det sit ikkje fast slikt
som berre minnet skulde halda fast på. Noko anna er

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0127.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free