Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 11. Minne og hugs
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
126
det at i dei emne der det serleg gjeld logisk tenkjing, der
greier dei seg. Her talar me berre um minnet eller hugset.
Men no er det gjerne so, at det er hugset det fyrst og
fremst spørst etter til eksamen. Og difor høver ikkje
vanleg eksamensarbeid godt for dei som er komne litegrand
upp i åra. —
Barneminnet har styrken sin i å halda fast på det
som er innprenta. I det stykket har barnet eit stort over*
tak over dei vaksne. So veit me og det, at di oftare ei
fyrestelling er framme i tankane, di fastare røter ho seg.
Og tek no barnet fyrst til å minnast noko, so har dei
same fyrestellingane vore ovleg mange gonger uppe i med*
vitet når mennesket har vorte 40—50 år. Annarleis er
det med noko som vart lært igår. Det er og ein av
grunnane til at sumt ein lærde i barneåra, det hugsar
ein betre enn alt anna. — No er det langtfrå so at barnet
hugsar for alltid alt som det ein gong har lært. For
barnet og gjeld det, at størsteparten kjem burt um stuttare
eller lengre tid. Berre ein liten part vert varig eigedom
for minnet. — Her og er det stor skilnad på dei ymse
menneske, born som vaksne. Til å syna kor stor skilnad
det kann vera på born både til å læra noko i stutt tid,
og til å hugsa i 8—14 dagar det som er lært, tek eg inn
ei liste som er uppsett av Binet i siste boka han gav ut:
»Les idées modernes sur les enfants«. Her gjev han eit
oversyn over dei svar han fann ved ei prøve som han
gjorde i øvste klassen ved ein folkeskule i Paris. Elevane
vart nemnde med bokstavar frå A—Z. Desse elevane fekk
å læra utanboks vers som dei ikkje kjende det minste til
fyreåt. Dei las ei viss tid — 10 minuttar — på diktet
dei fekk, og so vart bøkene tekne frå dei, og dei fekk
skriva det dei hugsa. Svara vart so samla saman av han
som styrde prøva. — Slike prøver vart gjorde fleire gonger
med ymse dikt med nokre dagars millomrom. — Åtte
dagar etter at fyrste prøva var slutt, vart so elevane atter
prøvde kor mykje dei hugsa. Dei skreiv upp det som sat
att endå. I denne millomtida hadde dei ikkje havt høve
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>