- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
128

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 11. Minne og hugs

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

128

Skilnaden er ovleg stor, ser me. I same tid som ein
lærer 54 strofer, lærer ein annan berre 4, og ein tredje 6
strofer. Og um 8—14 dagar kann ein heile 61 strofer;
men tvo kann ikkje ei einaste. Det er elles merkeleg at
2 kann meir når 8—14 dagar er lidne enn med det same
dei slutta å lesa. Det som stod ugreitt og laust då, må
ha klårna og fastna i medvitet seinare. Det er og verdt
å leggja merke til, at endå læraren trefte det bra med
karakterane i det store og heile, so gjorde han store mistak
i det einskilde. Lauken i laget, han som er merkt med
L, hadde læraren rekna til dei som berre hadde medels
minne. Og han som er den næstdårlegaste av alle, O,
var sett jamsides L. (Lista gjev elles alle lærarar mangt
å tenkja på. Men det kann eg ikkje skriva meir um
her.)

Alle granskingar syner, at det er serleg i den fyrste
tid etter at ein har lært noko, at ein gløymer mest. Mange
gløymer halvparten fyrste timen; ja sume har gløymt halv*
parten når fyrste halvtimen er umme. Jamt over kann
ein segja at 30 % er burte når timen er liden. Det som
lever i minnet nokre dagar, det lever gjerne i årevis.

Minnet kann me segja fylgjer tvo liner, har me no
set. Evna til å læra snart går framover (med ymse stogg,
og snarare eller seinare vokster til ymse tider) til 22 — 25*
årsalderen, står so på same høgd, eller minkar kanskje
litegrand, til 50*årsalderen, og går so etter den tid noko
snøggare nedover. — Evna til å halda fast på det som
verkeleg er lært, er truleg best i 7—14*årsalderen. I
denne tid er vel og evna litegrand i minking soleis at
minnet har den største truskap i dei yngste år. Etter 14=
årsalderen går det so, at ein gløymer snarare og snarare.
Men nedgangen er ikkje stor frå år til år. Tek ein snøgg*
leik og truskap under eitt, so må ein segja at i 20—25*
årsalderen har me beste minnet. Men fyrst etter 50*års*
alderen vert det noko mykje vanskelegare for oss å hugsa
enn i beste tida vår.

Mange som lenge har eit godt minne (kann læra snart)

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0130.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free