Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 11. Minne og hugs
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
129
tek tidleg til å hugsa mindre godt; dei kann ikkje få
tak i det dei i røynda veit. Serleg er dei i beit for å
«koma på» sernamn ; sume og tal. Dette «å koma på»
noko ein veit, er elles noko som er so for seg sjølv, ser
det ut til, at ein kann ikkje taka det med og få det inn
under dei vanlege reglane ein kann setja upp for minnet.
Det har ikkje so lite å segja for minnet korleis ein
brukar det. Det syner seg at gjenom øving vert ein betre
og betre før til å læra — til ei viss grense då. Det er
serleg (og kanskje berre) til å læra snart ein vert betre
gjenom øving. Ein treng ikkje taka so ofte uppatt det
ein vil prenta inn, og kann soleis greia arbeidet på stut*
tare tid. Men det ser ut til at evna til å halda fast på
det ein har lært, vert lite eller kanskje ikkje påverka av
øving. Ein kann i stor mun øva seg upp til å læra
snart, men ikkje til å gløyma seint.
Den minneøving som det vanlege skulearbeidet fører
med seg, ser ikkje ut til å gjera stor mun. Men driv ein
systematisk øving so som ymse vitskapsmenn ,har gjort
nettupp for å sjå kva verknad slik øving har, so er det
reint utruleg kor langt ein kann koma. Det har synt seg
at sume på den måten kann driva det til å læra både
tvo og tre gonger so snart som med det same dei byrja.
Ja ein og annan kann koma endå mykje høgre. Meumann
fortel um ein som i medeltal måtte lesa 46 gonger over
ei rekkje av 10 meiningslause stavingar fyrr han kunde
minnast dei. Då han hadde øvt seg ei tid kvar dag i 4
viker, greidde han eit slikt arbeid med å lesa stavingane
4—5 gonger. Og då han hadde øvt seg på same måten
4 viker til, kunde han hugsa 10 stavingar med å lesa dei
2 gonger.1
1 Det er elles ikkje alle vitskaplege granskarar som vil gå med på
at minnet vert so mykje betre gjenom øving. William James fortel
at han øvde seg ein månad med å læra vers utanboks. Men då
han slutta, var han ikkje anten likare eller dårlegare enn med det
same han byrja, segjer han. — Denne usemja kann ha ymse
grunnar. Eg skal berre peika på at det spørst so mykje um
Nordeide : Frå barn til vaksen. 9
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>