- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
130

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 11. Minne og hugs

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

130

Mange meiner at ein og kann tyna minnet sitt dersom
ein misbrukar det (kanskje ein kunde og segja: ikkje
brukar det). Ein kann læra noko med den tanken at
dette vil ein gjerne skal sitja fast lenge. Men ein kann
og læra noko berre for å hugsa det i augneblinken.
Soleis er det når ein skriv diktat t. d. No er det heilt
visst, at ein hugsar lenger det ein lærer med den tanken
at det skal sitja lenge, enn det ein lærer berre for sekun*
den. Og no er det mange som meiner, at sjølve givnaden
til å hugsa lenge vert skadd, dersom ein ofte, kanskje
oftast, brukar minnet på same måten som ved diktat*
skriving. Alt arbeid som er soleis, at det eine inntrykk,
det eine biletet kjem etter det andre, men ein stoggar ikkje
ved noko, ingen ting får setja noko merke etter seg, alt
slikt arbeid er lite gagnleg for den åndelege vokster hjå
oss. Ja, det er truleg beint fram skadeleg. Og det er vel
ikkje minst øydeleggjande for minnet. —

Skal ein læra noko so snart som råd er, og samstun*
des soleis at det sit fast, so må ein samla den åndelege
kraft ein har, um det arbeidet. Det krev åndeleg samling.
Slikt arbeid er i stor mun nett eit viljearbeid. Og det er
visseleg her at øving kann få so mykje å segja når det
gjeld innprentingsarbeid. Det å samla den åndelege
kraft ein har, um ein einaste ting, det greier ein ikkje utan
at ein har tamt seg upp til det. Men gjenom øving kann
ein makta mykje, det stadfester røynsla. Men korleis er
det med den åndelege konsentrasjon, og med viljearbeidet,
når ein les dei vanlege meldingane i avisene, eller sit på
kinematografen? Den skulen ein då er i, er ein skule
for åndeleg latskap. Og åndelege letingar vert og alle
dei som ikkje på annan måte freistar halda sitt ånde*
lege liv uppe. At det sjeletilstandet som nett sermerkjer

åndeleg samling (konsentrasjon) til slikt arbeid som å læra utan*
boks noko på stuttaste tid. Og det er kanskje serleg her øving
kann gjera so mykje. Men dersom William James alt fyrr hadde
lag til sterk konsentrasjon, so kann det ikkje vera so uskynleg at
han ikkje kom høgre um han so øvde seg ein månad.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0132.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free