- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
138

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 12. Barnefantasien

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

138

ikkje so sjeldan at eit barn gjenom leiken t. d. legg for
dagen ymse eigenskapar som er ei openberring av givnader
eller hugdrag som kjem til å sermerkja det, når det vert
eit vakse menneske. Me kjenner alle forteljinga um kva
Olav Haraldson skulde segja til mor si, då han såg kva
dei tre gutane hennar leika seg med. Alle tre etterlikna
nok noko dei hadde set fyrr eller høyrt um fyrr. Men
det val kvar av dei hadde gjort, var ikkje på slump.
Der kom den personlege hugen og givnaden fram. Og
kor ofte høyrer me ikkje i livnadsskildringar um, at barnet
i fantasiarbeidet sitt har varsla um ein hug og ein givnad
som manndomsarbeidet kom til å overtyda alle um var
til stades. Det gjeld visseleg helst dei som har havt ein
serleg givnad i stor mun. Men og born med vanlege evner
løner det seg for uppsedaren å leggja vel merke til, nettupp
i dei stunder då dei heilt får arbeida på eiga hand.
Den hermande fantasi vert ofte berre upptaket til at den
sjølvstendig byggjande fantasien vert sett i arbeid. Det
personlege og sjølvstendige veks fram av det upersonlege
og usjølvstendige.

Barnefantasien arbeider ofte so planlaust. Det kunde
sjå ut til å stå i strid med at barnet etterliknar so mykje.
Det fylgjer mønster. Men i røynda er det ikkje motseg*
jing i dette å arbeida planlaust og å etterlikna. Barnet
lever i augneblinken. Det tenkjer ikkje langt fram. Når
ei fyrestelling skyt upp i tankane, so gløymer det alt anna.
Og so tek det og set denne fyrestellinga i verk (um det
let seg gjera). Men um ei lita stund skyt ei onnor fyre*
stelling upp. Og so er det ikkje lang gruvling og råd*
leggjing. Snart er barnet like uppteke med dette nye
arbeidet som det har kome til å tenkja på. Barnet har
ikkje noko mål som det stemner mot langt framme.
Difor er det tilfellet som rår so mykje. Ein ordnande og
styrande tanke vantar. Ut frå denne synsstaden og på
dette grunnlaget har Meumann rett når han segjer at
barnefantasien er passiv og flagrande. — Sant er det og
at barnet er so lite kritisk, at det tenkjer lite på um dei

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0140.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free