- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
139

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 12. Barnefantasien

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

139

tankebygnader som det lagar seg, er rimelege eller urime*
lege. Barnet har difor lag til å fantasera vilt.

Barnet drøymer ikkje um noko langt burte. Det arbei*
der heller ikkje med ålmenne eller abstrakte fyrestellingar
når det fantaserar. Det kjenner ikkje nokor onnor fyre*
stellingsverd enn si eiga, og tek ikkje umsyn til kva andre
tenkjer og trur og veit. Barnet er i fullaste mun seg sjølv
nok i dette stykket. Objektivitet er ikkje barnet si sak. —
Det arbeider og med fyrestellingar um røynlege og helst
sanseskynlege ting, kor eventyrlege dei enn vert i barnet
sine tankar.

Det er sjølvsagt so at ikkje alle born er like mykje
fantasimenneske. Sume er fantasirike, medan andre etter
måten er fantasifattige. Gjentene ser ut til å ha ei meir
levande fantasievne enn gutane.

Tyskaren Lobsien meiner å ha funne at barnefanta*
sien ikkje arbeider like lett til alle årstider. Fantasiverk*
semda skulde gå som i bylgjegang. Djupaste bylgjedalen
skulde vera frå mars til mai, og bylgjetoppen skulde vera
i juli —oktober.

Meir er det kanskje å leggja merke til, at Lobsien og
trur å ha funne, at i den tid fantasiarbeidet når sitt
høgdemål, då ligg åtgåing og energi mest nede. Fantasi*
verksemd og ansing skulde soleis liksom vera i vegen for
kvarandre og hindra kvarandre,

Fantasiarbeidet er ikkje i alle måtar det same alle
barneåra uppover. Den kritikklause fantasering finn ein
helst fyre 8—10*årsalderen. Seinare nærmar barnet seg i
sin fantaseringsmåte noko etter kvart den vaksne.

Det er lett å skyna at barnefantasien kann ha lag til
å føra barnet på avvegar i sume tilfelle. Og det er og
ei velkjend røynsle.

Barnet er so altfor snart ferdig med domane sine.
Gjeld det um å verta klår over kva som er det verke*
lege : kva det er som hender eller går for seg, kva det er
som ligg fyre i eit visst tilfelle, so gjev ikkje barnet seg
tid nok til å granska det til gagns. Det legg merke til

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0141.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free