- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
143

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 12. Barnefantasien

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

143

alt, berre ein ynskjer det. — Og so hender det so mykje.
Eventyret er som eit spelstykke. Og alt dette høver godt
for barnet.

Men det vilde ikkje vera godt um barnet vart åndeleg
metta med berre eventyr. Peer Gynt talar eit ålvorsord
i so måte til alle uppsedarar. Barnet må læra å tøyma
fantasien, so tankebygnadene kann høva noko til det som
er det verkelege både i natur og menneskeliv. Elles vert
barnet berre ein storlygar både for andre og for seg sjølv.

Me har fyrr tala um barnelygna, og me har set at
det er ikkje uskynleg at barnet lett kjem i skade for lygn.
Tvertum, det er rimeleg. Men det vilde vera ein ovstor
dårskap av ein uppsedar um han berre slo seg til ro med
det. Nei barnet må verta lært til å kjenna seg sjølv i
dette stykket. Og det bør det få læra på den måten,
at det vert nøydd til å samanlikna det det innbiller seg
og kanskje og fortel, med det verkelege. Barnet må ikkje
få sleppa med at det har gjeve tingen eit namn. Det
må røkja etter um det og røynleg er den visse tingen det
har for seg. Det må læra å leggja vel merke til alle
kjennemerke fyrr det dømer. — Og so må det sjølv få
sjå skilnaden på det det fortel kanskje, og so den verke*
lege tilburden eller hendinga. Det er dette som barnet
må haldast til. So vil det verka på barnet soleis, at
det noko etter kvart lærer å passa seg. Og denne lærdomen
må barnet få. For barnet er dette like so naudsynt som
at det lærer å bruka fantasievna si. Um dette uppsedings*
spursmålet skriv Binet noko som eg vil taka med her:
«Barnet må venja seg til, når det ikkje veit noko, og å
svara: eg veit det ikkje. Og læraren må på si side
passa seg vel for å lokka fram eit falskt svar gjenom
suggestion. Eit barn som til og med då det ikkje veit
noko, gjev eit svar som vel er gale, men lel ser ut til å
vera grannvart, eit slikt barn må ein passa vel på.
Læraren gjer eit slikt barn ei stor teneste, um han lærer
det å taka seg i vare for seg sjølv. Ei slik teneste kann
ha ein helsestyrkjande verknad på heile den personlege

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0145.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free