Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 12. Barnefantasien
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
*
142
andre etter kvart dei gjekk gjenom gatene på denne
måten. Og soleis gjekk dei og fantaserte til guten vart
so trøytt at han kunde ikkje gå meir. So gjekk dei «inn
att» etter den lange turen dei hadde havt. — Ja det var
og ein måte å læra barnet å fantasera. Men soleis bør
ein ikkje taka det. Barnet må læra dei ymse ting å
kjenna gjenom sjølvsyn og eiga røynsle, so mykje som
råd er. Det må ut i natura, og det må verta sett på
veg til å ha sansane sine vakne, so det kann få klåre
og tydelege bilete. At barnet heller ikkje må stengjast
ute frå menneskelivet skulde og vera ein sjølvsagd ting.
Men samstundes må ein visseleg og ha opne augo for, at
det kann vera sumt i menneskelivet som barnet helst ikkje
bør verta leidd til å fantasera um; det er tvillaust
tilfellet.
Men det menneskeliv barnet får læra å kjenna gjenom
samliv med andre menneske, er ikkje nok. Barnet må
og læra andre menneske å kjenna både frå samtida og
fortida. Her kjem den munnlege forteljing og litteraturen
til hjelp. Og det er hjelpemidlar som ingen vitug upp*
sedar vil lata vera unytta.
Det er ikkje nok at barnet får samla seg emne til
fantasiarbeidet. Det må og få hug til å bruka tilfanget.
Elles vil dei fyrestellingar barnet har fått, verta liggjande
unytta. Men då gjeld det um at barnet kjem til å få
interesser. Fyrst då vert fantasien .retteleg sett til arbeid,
og tek til å skapa mål til å tøygja seg mot. Det som
kann vekkja sterke kjensler hjå barnet, det vil alltid føra
til at fantasien tek til å arbeida. Difor er det og so um
å gjera at barnet vert teke av tankar som varmar, so
kjenslestrengene tek til å dirra.
Barnet likar eventyr sers godt, veit me. Knapt nokon
annan litteratur feil so i barnet sin smak. Det er og
naturleg. For i eventyret er det noko på same måten
som barnet har det. Ikkje noko er daudt, alle ting tenkjer
og talar. Og der gjeld ikkje dei vanlege reglar for rime*
leg og urimeleg, rådeleg og urådeleg. Der er råd til
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>