Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 13. Etteraping og suggestion
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
151
For det fyrste kann suggestionen gjera so mykje når
det gjeld um å ha tru på seg sjølv, tru på at ein greier
arbeidet. Og det gjer mykje til um ein verkeleg maktar
arbeidet eller ikkje. Soleis er det med oss vaksne. Men
det er endå meir tilfellet med born. Segjer læraren: dette
vert visst formykje for deg; eller: dette er visst for van*
skeleg for deg, so er det mange born som er ferdige med
ein gong. Dei kjenner straks at dette kann dei ikkje greia.
Og so vert dei sutrande over det. Eller dei aldri bryr
seg det minste meir, so dei sutrar ikkje heller. — Ein heilt
annan verknad har det um barnet får den meining at
læraren trur sikkert at det maktar arbeidet. Ja då er det
ikkje nok berre at læraren segjer det. Det må vera so
at læraren si meining er ei trygg sanning i barnet sine
augo. Elles er det no heller ikkje nokon suggestion bar*
net upplever.
Jamvel når det gjeld sanseinntrykk eller tolking av
sansepåverknad, har suggestionen ei underleg makt. Binet
synte nokre born nokre liner som var ulike lange so det
var godt å halda dei ut frå kvarandre, og bad borna leggja
vel merke til den eine av desse linene. So vart linene
løynde ei stund og deretter framsynte att. Borna skulde
no peika på den lina som dei skulde merka seg. So spurde
Binet: Ja, men er du sikker på det? Det var nok til å
gjera ein stor part utrygge. Sume valde snart ei onnor
line enn dei hadde peika på fyrste gongen. Og då kunde
nok sume gjera eit betre val enn dei hadde gjort. Men
mange gjorde det verre. Nokre var det likevel som heldt
fast på fyrste svaret.
Born som fekk sjå eit bilete ei tid, og so, etter at
biletet var teke burt, skulde fortelja kva som var teikna,
dei kunde og lata seg vill*leia berre av eit spursmål som
kasta inn ein tvil. Serleg var det tilfellet um læraren vill*
leidde på den måten at han spurde um ikkje og det eller
det var å finna på biletet — t. d. um det ikkje og var ein
omn? Mange fortalde då at dei hadde set omnen endå
det ikkje var anten omn eller noko som kunde likna omn
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>