- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
152

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 13. Etteraping og suggestion

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

152

på biletet dei hadde set. Ved nokre slike prøver som
tyskaren Stern gjorde, svara 59 °/o av borna rett, 25 °/o heilt
ut gale, og dei andre 16 % visste ikkje kva dei hadde set.

— Ein annan granskar let nokre born halda i ein kopar*
tråd. So let han det sjå so ut som um han sette den
kopartråden i samband med elektriske batteri so der skulde
gå ein elektrisk straum gjenom han. Og so skulde borna
segja når dei kjende tråden vart uppvarma. No gjekk det
ingen straum gjenom strengen. Men mesteparten kjende
lel kor varm strengen vart. — Det vart lagt eit band kring
eit leikety (ein .kamel), og so vart det laga so at det såg
ut som um det vart drege i bandet, endå det slett ikkje var

ilfellet. Men 291 av 381 skuleborn hadde lel set korleis
kamelen rørde seg.

Det er ikkje berre born som kann ha vorte narra av
det dei vona eller venta. Jamvel upplyste og tenksame
vaksne menneske kann ha gjort seg til lått og løgje på
den måten.

Det er fortalt um ein kapellmeister at han ein gong
ikkje kunde få orkesteret til å spela noko i eit musikk*
stykke veikt nok. Det vart alltid for sterkt, tykte han. —
So vart orkesterspelarane leie og gjorde seg samde um at
næste gong når dei kom til dette stykket, so skulde dei
ikkje spela. Og so gjorde dei. Dirigenten slo takten, og
dei kom til desse tonane som det hadde vore so mykje
bal med å få til. Han gav teikn til å spela veikt sjølvsagt.

— Og ingen spela. — Men då sa kapellmeisteren at no var
han velnøgd; so veikt skulde det vera.

Ein statsadvokat skulde vera til stades medan ei lik*
kiste vart gravi uppatt. Det var kome upp mistanke um
at det skulde ikkje vera rette liket som var i kista; det
hadde vore fuska. Då grava var opna og dei hadde fått
tak i kista, dåna statsadvokaten. Han kunde ikkje tola
liklukta. Men so synte det seg, at i kista låg det ikkje
noko lik; ho var tom. Likstanken var berre i statsadvo*
katen sine tankar. Men suggestionen verka so sterkt at
mannen dåna.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0154.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free