- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
155

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 13. Etteraping og suggestion - 14. Kjenslelivet hjå born

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

155

ikkje av fyrr ein har gjort det ein tenkjer på, um ein aldri
vil det. Kor ofte kann ein ikkje leggja merke til i ein
gymnastikktime t. d. at når borna står og ventar i spaning
på eit visst kommandoord, so er det nokon som gjer rørsla
fyrr ordet er kome. — Eller heime når far eller mor har
vorte leie på eit barn av di det ikkje er som det skulde
vera, og so krev at barnet no skal lyda på flekken, so ber
stakkaren seg so åt at ein kunde tru han vilde rett vera
trossug eller syna sin uvilje på ein tergande måte. I ei
slik stund har mang ein lærar og mange foreldre vore
urettvise med borna. Hadde dei teke det med ro og gjeve
litegrand tol, so spaninga og otten hadde lagt seg noko,
so hadde alt gått so godt. I staden kom no den peda=
gogiske dårskapen og bråsinnet til å gjera kanskje ubote*
leg skade. (Bråsinnet gjer aldri anna enn skade i upp*
sedingsarbeidet; det bør stå med eldskrift for augo våre
alltid). Og noko av det verste er, at det er gjerne dei
borna som i røynda er lydige og samvitsfulle, men noko
reddvorne, det er dei som er so uhepne. Og dei kjem då
ofte til å lida for det dei ikkje kann hjelpa noko for.

14. Kjenslelivet hjå born.

I sjelelæra talar me gjerne um ymse sider eller deler
av det menneskelege sjeleliv. Me gjer då med sjelelivet
umlag som når me tek for oss noko kroppsleg: ein plante,
eit dyr t. d. og ser på dei ymse luter me kann sansa. Når
me tek det på same måten med sjølve livet, so skil me åt
det som aldri i seg sjølv er eller kann vera skilt. Me talar
i sjelelæra um fyrestellingsliv, kjensleliv og viljeliv. Men
fyrestelling har me vel aldri utan at ei kjensle vert vakt,
og kjensle kann me aldri skilja frå vilje. Desse upplevin*
gar, som me kann skilja åt i våre tankar og gjeva serskilte

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0157.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free