- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
156

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 14. Kjenslelivet hjå born

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

156

namn, dei upplever me som eit heile. Det er i røynda
berre gjenom stor abstraksjon me kann koma til å tala
um fyrestelling, kjensle og vilje kvar for seg. Difor er
det og berre det vaksne mennesket, ja i vissa berre dei
menneske som har høyrt eller lese noko frå sjelelæra, og
som har lært å analysera sine eigne upplevingar, det er
berre dei som skynar og kann meina noko visst med kvar
av desse orda.

Når dei ymse sider (det vilde vel elles vera betre å
segja: slag) av det menneskelege sjeleliv hjå oss vaksne
vert upplevt som eit heile og aldri annarleis, so er det god
grunn til å tru at soleis er det hjå barnet og. Det er
ikkje soleis at barnet i den fyrste tid berre har eit slag
grunnform av sjeleliv, og so når det vert eldre, då kjem
og andre grunnformer til noko etter kvart. Barnet sitt
sjeleliv har vel dei same grunnformer som den vaksne sitt.
Men ymse ting er berre som i brydding.

Me skal no tala litegrand um kjenslelivet hjå borna.
Men fyrst vil eg då segja, at den sida av barnet sitt sjele*
liv er truleg noko av det me kjenner minst til. Av mange
grunnar er det verre å granska vitskapleg kjenslelivet hjå
borna enn fyrestellingslivet. Og um dette emnet er og den
vitskaplege litteraturen mykje fattigare.

At barnet like frå det fyrste kjenner seg vel eller uvel,
i godlag eller i ulag, det er tvillaust. Det skrik når det
svelt eller frys eller er ustelt so det tek skade av det
eller i alle fall ikkje har godt av det. Og det kjem til ro
att, når det får det det treng. Den lyst — eller ulystkjensla
barnet upplever i denne fyrste tida, den er knytt til det
kroppslege tilstand barnet er i, og ikkje til noko anna. Me
kann soleis segja at kjenslene hjå det vesle barnet er berre
slike som me kann kalla organkjensler eller lekamskjensler.
— Me har alle ein medfødd trong til å halda livet uppe.
Og alt det som skader livet eller hindrar oss i å veksa,,
eller set stengsler for oss so me ikkje får rom og verke*
plass på ein eller annan måte, det verjer me oss mot. Det

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0158.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free