- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
157

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 14. Kjenslelivet hjå born

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

157

gjer barnet og — i alle fall so langt som refleksrørsler,
instinkt og drift endå kann føra det.

Eit sanseinntrykk som vert uvanleg sterkt, vil ofte reint
naturgjeve kalla fram eit slag redsle hjå barnet. Dett
noko tungt på golvet, eller høyrer barnet av ein annan
grunn ein sterk ljod, so kvepp det og tek gjerne til å
skrika. Eg har set at eit 2 månader gamalt barn som låg
i ei barnevogn ute på tunet, tok til å sutra og stundom
storskrika når hanen gol. Stundom kunde det reint kveppa
sterkt, og synte då tydelege merke på redsle. — No har
barnet i denne tid visseleg ikkje fyrestelling um fåre. Når
barnet kvepp og skrik, so er det reint reflektorisk. Men
i slike stunder kjenner det seg ikkje vel; det er tvil*
laust so.

Refleks* eller instinktrørsler er det vel og når barnet
verjer for augo med hendene, dersom noko kjem augo for
nær. Men det er tydeleg å sjå at barnet ikkje likar seg i
slike tilfelle. Det er ein vaknande otte hjå barnet.

Me har alle set døme på at litegrand større barn kann
vera redde menneske som dei ikkje har set. Dei er »folke*
stygge«, som me segjer heime i Sunnfjord. Ukjende dyr,
hundar og kattar, er og mange born redde. Sume har
sagt, at dette skriv seg frå at barnet verkeleg har vorte
skræmt ein eller fleire gonger. Mange vaksne er og so
uvituge, at dei trugar barnet med at ein framand stygg
mann eller »hunden« eller »kråka« skal koma og taka det.
Og at borna då vert redde av den grunn, det er sjølvsagt.
Men det er ikkje heilt rett å meina at det berre er den
uvituge uppsedinga som er årsak til barneredsla. Redsle
og otte kann syna seg hjå det vesle barnet jamvel um det
ikkje har vorte skræmt eller har vore ute for nokon sers
fåre. Professor Ad. Czerny (Berlin) skriv at det er ikkje
sjeldan å sjå at born i alderen 7—10 månader, vert redde
framande andlet. Seinare ser ein og at born vert ottefulle
når dei ser ein stor framand mann eller ein hund eller
høyrer eit grovt mæle. Det er og velkjent at mange born

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0159.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free