- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
160

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 14. Kjenslelivet hjå born

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

160

vel tvillaust so, at dei i dette stykket er ikkje so lite ulike
dei vaksne menneske.

Ein tydeleg skilnad på born og vaksne syner seg og
i det, at hjå born vil det sjelelege tilstandet få so ovleg
store kroppslege verknader. Eit barn kann læ og gråta,
hoppa og dansa, spenna og sparka og skjelva all igjenom
som skulde det vera reint frå seg. Ser me eit vakse men*
neske bera seg soleis åt, so segjer me det er som eit barn.
Det er det då og i det stykket. —

Reint naturgjeve er det so, at sjeletilstandet, og då
fyrst og fremst kjensletilstandet, syner seg tydeleg i det
ytre på mange måtar hjå barnet. Men no røyner me og
det, at det er råd for oss menneske å gripa inn i tilgan*
gen med vår vilje og i nokon mun hindra at det sjelelege
får gjeva seg altfor sterke og tydelege utslag gjenom det
kroppslege. Noko av det barnet må læra gjenom upp*
sedinga, det er nettupp å gripa inn i tilgangen i rette tid,
og sjå få herredøme over seg som me brukar å segja.
Ein kunde vel segja at barnet vert vant til å løyna seg,
»løyna sin hug«. At denne løyning stundom kann ha min*
dre bra fylgjer set frå ein etisk synsstad, det veit me. Men
livet har no vorte so at det er naudsynt, anten me likar
eller mislikar det.

Um barnet sitt kjensleliv i det heile er det å segja, at
det ofte skal so svært lite til fyrr ei kjensle vert vakt. For
barnet er det so mangt som er nytt og ukjent. Og det
er nyfike og forvite. Og då er straks ein kjenslestreng ko*
men i svinging. — Men so er kjenslene so lite vedvarande.
Det er slik svær skifting i kjenslelivet. Det svingar frå
glede til sorg, eller frå den såraste hikstegråt til den vil*
laste hopping mange gonger på ei stutt tid. Ofte kann ei
sterk lystkjensle slå um i ei like sterk ulystkjensle. Vesle*
guten eller veslegjenta vert so snart lei av ein ting dei
tykte ovgildt um med det same.

Barnet har og meir ublanda kjensler enn me vaksne.
Hjå oss er det vel so at me umlag aldri er berre sorg*
fulle, og aldri berre glade. Det er alltid noko både å

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0162.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free