Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 14. Kjenslelivet hjå born
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
161
gleda seg og å syrgja over. Difor har me so ofte eit
tunglynde som stundom er mest farga av sorg, stundom
mest av glede, men alltid noko av båe. — Barnet er ikkje
soleis. Det lever berre i augneblinken. Det syrgjer ikkje
for morgondagen og heller ikkje over gårsdagen. Det let
verkeleg kvar dag — ein kunde mest segja kvar stund —
ha nok med seg. Og det går so fullt og heilt upp i det
det nett har for seg eller det det nett er påverka av. —
Det er dette som gjer, at me tykkjer barnet er so urimeleg
lettlyndt og tankelaust. Men er det ikkje og dette laget
til å gløyma det såre og tunge, som gjer at me mang
ein gong ynskjer: å gjev eg kunde vera som barnet no
ei stund!
Me skal no gå over til å tala noko lite um ymse
slag kjensler som får plass i barnet sitt sjeleliv noko
etter kvart, i alle fall når det vert litt eldre. — Me har
alt nemnt at ymse sjølvslege kjensler vaknar reint natur*
gjeve hjå barnet, like frå det fyrste. Naturgjeve kann
ein vel segja at medkjensler og vil vakna. Eit barn vil
kanskje kjenna seg ille til mode når det ser at mora græt,
um ho so ikkje græt for barnet si skuld. Noko slikt har
vore lagt merke til med sume born som ikkje har vore
meir enn 9—10 månader gamle, vert det fortalt. Det
skulde vel vera vanleg å sjå at 2—3 år gamle born er
uglade, ja kanskje græt, når dei ser at foreldra eller
syskina har det vondt. Born græt og stundom av di dei
tykkjer dokkene har det vondt, når dei misser armar
eller føter t. d.
Det er elles å leggja merke til, at skal born få med*
kjensler, so må årsaka vera noko som barnet skynar
litegrand av. Det må ha røynt noko som gjev det lite*
grand meining um kva den må lida som no har vorte ute
for ei slik ulykke. Eit barn kann tykkja synd på mor si
når ho dett og slær seg. Men um nokon døyr i huset,
so er barnet nett like glad. Det leikar som um ingen ting
hadde hendt. Barnet har ingen tanke um kva døden er,
og kva døden har å segja for oss. Heller ikkje sjukdom
Nordeide: Frå barn til vaksen. 11
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>