- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
163

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 14. Kjenslelivet hjå born

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

163

vera mykje misvisande, so torer det lel vera so, at dei i
det store og heile peikar på ei sanning.

At born er hjartelause, det ser me diverre so altfor
ofte. Ein lærar som Meumann hadde tala med nettupp um
denne statistikken, sa i det høvet: »Eg har funne at hjå
born i 12—14*årsalderen — serleg gutar — er medkjensla
noko ein sjeldan ser noko til; det er reint eit hende det«.

At medkjensla ikkje gjer seg mykje gjeldande i alle
fall hjå gutar, ser me eit vitnemål um i den råskap som
dei kann syna mot dyr. Det er som dei ikkje skulde
eiga tanke for at dyr kann lida. Eg må her få nytta
noko av den gripande skildringa som Viktor Hugo gjev
av seg og tre andre skulegutar i stykket »Padda« som er
attfortalt av Bjørnson i »Århundredernes Legende«. Det
var ei stakkars padde som sat på vegen. So kom det fyrst
ein mann gåande, og han kom til å trakka på henne. Og
so kom det ei gjente med ein paraply i handa. Utan å
vita um det kom so ho til å setja paraplyen sin i auga
på padda. Og straks etter, står det i forteljinga, »kom
fire skulegutar; klåre, opne åsyn. Men hardhjarta var
dei. Soleis tek me til. Sjela går den vegen som men*
neskeætta har gått, frå hjarteløyse upp mot hjartemilde
og miskunn. Gutane sine augo stråla av leik, av helse.
Kvar hadde si mor; dei hadde gode leikebrør, dei anda
inn lufta med friske lunger; dei var elska, dei var frie,
dei var glade. Kva hadde dei so betre å ta seg til enn
å vera hjartelause? Hardsette mot dei som var ulukke*
lege ? — Padda drog seg burt so snøgt ho kunde; ho vilde
ned i holvegen og gøyma seg. Men gutane fekk auga på
ho. »Isj, det fæle dyret! Lat oss drepa det!« »Ja*a!«
Dei lo. — for slike gutar lær når dei gjer vondt. Dei
fekk fat i ein kvist, som dei kveste til; dei vilde prøva
å stikka i det auga som var skadt, dei vilde bora holet
større. Dei vilde såra såret. Å som det frygda dei! Det
arme dyret kunde ikkje skrika; blodet rann; det prøvde å
koma vekk, det hadde ikkje noko vondt gjort, det var
berre stygt. Den eine foten drog det etter seg, det eine

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0165.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free