Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 14. Kjenslelivet hjå born
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
164
auga hekk ute. Ein gut kom med eit stykke av ei skufl,
og for kvart puff han nådde til å gjeva, gav dyret slim
frå seg. »Sjå kor ho slevar!« sa gutane. Dei prøvde
um dei kunde fanga henne med eit skoband, men ho glapp
undan. Og so fekk ho kasta seg ned i hjulfarpytten og
rota upp der so ingen såg henne. Ho vaska mennesket si
skam av seg i stygt vatn. Og desse gutane med forår
på kinnene, fagre og friske, dei mora seg ovleg, dei
snakka alle på ein gong. »Skal me ikkje få tak i ein stor
stein og kasta etter henne?« »Ja, ja«, sa allesaman. Men
so kom det ei vogn køyrande, fortel Hugo, og det gjorde
at padda slapp fri frå gutane.
Her har me den hjarteløysa og råskapen som gutar
kann syna mot eit verjelaust dyr, skildra med den store
diktars meisterskap. Og me har visst alle set noko av
denne gutenatura både titt og ofte. Men me har vel og
ofte lagt merke til, at det har mykje å segja kva borna har
høyrt og set av dei vaksne i dette stykket og. Det er vel
stundom kunnskap som vantar, og stundom er det tanke*
løysa som er so stor når born kann vera so hardhjarta.
Ein bør difor ikkje nett taka all slik stygg åtferd til døme
på medvitande vondskap.
Når me talar um kor umenneskelege borna stundom
kann syna seg, so er det og grunn til å minna um korleis
ymse eldre born kann pina og plaga ein stakkars lærar
som dei trur dei kann fara med som dei vil. Finst det
då ikkje hjartelag i desse borna? har vel mang ein spurt
seg sjølv, når han har set korleis dei ofte kann løna
kjærleik og velvilje. Svaret er diverre at ein må ikkje
venta mykje av det slaget hjå ein stor part skuleborn;
serleg av dei eldre. Dei skynar mykje betre den som er
fast og stø og kann syna at han ikkje er ein dott som dei
kann fara med som dei lyster. For barnet høver det å
verta leidd og styrt — innanfor rimelege grenser då —
ikkje å vera leiar og styrar sjølv. Difor er det so sers
mykje um å gjera for ein uppsedar at han er eit men*
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>