- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
173

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 14. Kjenslelivet hjå born

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

173

har upplevt. Det går frå det kjende til det ukjende.
Difor er ein god barneheim, og serleg ei god mor, den
naturlege hjelp for barnet til å verta eit religiøst men*
neske.«

Dei religiøse fyrestellingar barnet får, tek det eller
lånar det som me skynar, frå dei eldre. Og det tek imot
plent kritikklaust. »Far og mor er Gud for børnene i
den første tid«, skriv J. Jansen (i »Gudsforholdet«). Og
det er umlag rett det, når alt er som det skal vera.

Ein må ikkje tru at borna — mange då — får tydelege
og greie fyrestellingar um dei religiøse spursmål. Dei
vitskaplege etterrøknader som er gjorde både i Tyskland
og andre stader, talar tydeleg nok i so måte. Når barnet
skal greia ut um kva det meiner med eller legg i dei
ymse religiøse umgrep, so vert det ofte smått stell ein
får sjå. Det er vel elles noko som lærarar og veit so
altfor godt frå den røynsla dei gjer i skulen. — Det gjeld
elles abstrakte umgrep i det heile det, ikkje berre dei
religiøse. — Men ein skal ikkje døma det religiøse liv
hjå barnet etter den stakkarslege dogmatikk barnet har.
Det religiøse huglynde og den religiøse måte å leva på
er noko anna enn religionsdogmatikk. Kanskje kunde det
vera sume born som kunde segja med sanning som dansken
H. C. Frederiksen i boka si: Den personlige Skole, fortel
ein stad ei skulegjente skulde svara. Ho høyrde til dei
born som alltid gjer det so dårleg på alle offentlege
prøver eller eksamenar. Og so sa denne gjenta ein gong
då ho som vanleg hadde greitt seg so dårleg: »Jesus,
eg kunde døy for deg um du kravde det; men »læra« deg
kann eg ikkje.«

Det religiøse sjeleliv vil i ymse ting vera annarléis
hjå barnet enn hjå dei vaksne. Barnet har ikkje den
røynsla å byggja på som dei eldre. Det kjenner ikkje
seg sjølv so godt, og det kjenner ikkje menneska og det
vitnemål som soga gjev um menneskelivet i dei ymse
tilfelle. Det er denne sanning som Francke og den flokk
han var målsmann for, ikkje hadde syn for. Og mange

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0175.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free