Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 14. Kjenslelivet hjå born
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
174
har ikkje det endå. Presten Jansen skriv og um dette
noko som eg vil taka med her: »Barnet kan ikke røre
sig fritt i den voksnes kanskje endog mørke kristendom.
Det ligger så nær for en far eller mor som selv er blitt
»vakt«, å iføre sitt barn en voksen religiøsitet som det
ikke kan gå i. Et barn kan f. eks. godt angre at det har
bedrøvet Gud ved å lyve; men det kan ikke erkjenne at
det efter sin syndige natur helt igjennem er en løgner«.
— Det gjeld her som alle stader at barnet må få lov å
vera barn so lenge det er naturleg for det. Det er nok
råd å få eit barn til å tala um synda si som eit vakse
menneske. Men då er det truleg at barnet segjer fram
ei lekse som det har lært.
At kvinna har eit meir religiøst huglynde enn mannen,
har vore ei vanleg meining. Og det kann vera grunn til
å tru at denne meininga har mykje for seg og er sann i
det store og heile. Det har og vore sagt at i barneåra
kjem denne skilnaden fram kanskje sers sterkt. Gutane
er mindre religiøse enn gjentene. Eg tykkjer her og det
er forvitneleg å leggja merke til presten Jansens vitne*
mål. Han segjer: »At gutter i motsetning til piker er så
uimottagelige for religiøs påvirkning, er en overtro. Jeg
synes jeg kommer lenger, ialfald like så langt, med gutter
også i det religiøse. Men de må behandles annerledes
enn piker. Når man vil gjøre en gut til en religiøs pike,
så lykkes det ikke; og det er det nogle prester og lærere
og kanskje også foreldre prøver. Der er i det hele tatt
måskje kommet noget vel feminint over kristendommen.«
Religiøs tvil, i alle fall tvil um dei religiøse sannin*
gar dei eldre fortel um, er det umlag ikkje å merka hjå
borna fyre ll*årsalderen. I 12 — 13*årsalderen kann det
henda eit og anna barn kjem i slik tvil; men det er og
sjeldsynt. Det er fyrst etter at den vanlege skuletida er
slutt,, at dei religiøse tvilstider tek til. Men det hender
ikkje so sjeldan at det kann koma til eit religiøst gjenom*
brot dei siste åra fyrr folkeskuletida er slutt.
Ein amerikansk professor, Edvin Starbuck, har freista
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>