Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 14. Kjenslelivet hjå born
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
176
å falla i tvo stykke som er sermerkte med innbyrdes dis=
harmoni. — Dei einfødde har ikkje eit slikt brot. Der er
einskap, jamvel um der er vokster. Der er harmoni.
Det er helst på det religiøse umkvervet ei slik krise
eller eit slikt brot vil syna seg. Det kann og vera på
andre umkverve og gjelda andre spursmål. Ikkje so
sjeldan er det å sjå, at eit brått umskifte hjå eit men*
neske når det gjeld synsmåtar um viktuge politiske og
kulturelle spursmål, det heng saman med ei onnor stemne*
lei i det religiøse liv og.
No veit me at ikkje alle meiningsskifte grip so djupt
i sjelelivet at ein vil kalla dei krisetilstand. Mange slike
brigde gjeld etter måten so lite viktuge ting at kjensle*
livet i det store og heile er urørt av det. Men so er det
ikkje med dei store umskifte. Og slett ikkje dersom
det er i det religiøse liv det vert ei slik vending. Då
syner dette skifte seg ikkje minst i ei stor umstilling i
kjenslelivet. Det som ei tid var verdlaust for ein, får no
eit ovstort verd kanskje. Og det som fyrr gav ein glede
og hugnad, kann vekkja sorg og avsky.
Som me har set, vil størsteparten av dei tvefødde ha
si krisetid fyre 20* eller i alle fall fyre 25*årsalderen. At
mange einfødde og i desse åra kjem til klårare og fastare
synsmåtar, og kjem til eit djupare og meir personleg liv
enn fyrr, det er tvillaust. Men denne utdjuping og ånde*
lege vokster vil ikkje vera so lett å sjå for andre, som
det brot dei tvefødde sitt liv syner. Og difor vert vokste*
ren og lagt mindre merke til og vert mindre umtala
enn krisa.
På same måten som barnet for det fyrste får dei
religiøse fyrestellingane sine frå det dei vaksne lærer det,
so låner det og hjå dei vaksne dei fyrste fyrestellingar
um rett og urett, um sedeleg godt og vondt.
Me har på fleire stader i denne boka havt høve til
å tala um at barnet tenkjer ikkje langt fram for det
fyrste. Det ser heller ikkje på kva det sjølv kann ha
gagn eller skade av i framtida. Godt for barnet er det
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>