- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
177

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 14. Kjenslelivet hjå born

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

177

som det tykkjer høver best, eller det som det av ein eller
annan grunn har mest hug på i augneblinken.

No er det ikkje so lenge fyrr livet lærer barnet, at
det går ikkje vel um ein steller seg soleis. Det er ikkje
råd anna det må koma til å sjå at ei viss åtferd dreg visse
verknader etter seg. Og berre det driv barnet til å tenkja
seg um og å gjera skilnad på det som kann vera bra nett
i augneblinken, og so det som batar ein i lengda. Det er
«i psykologisk og pedagogisk sanning som er målbori i
det kjende ordtøket: brent barn skyr elden.

Naturgjeve har barnet trong til rom og verkeplass for
seg sjølv. Og møter det hindring her, so valdar det sterk
ulystkjensle. At eit menneske og skulde gjeva rom for
andre og ikkje gå dei for nær, men hjelpa til so dei cg
kunde få det godt, det har vel barnet ikkje nokon tanke
um av seg sjølv. Men det er den grunnregel for menne*
skeleg samfundsliv som barnet lærer gjenom samliv med
sedeleg gode menneske. Og det er den leveregel som
barnet og får høyra um, dersom det lærer dei høgre reii*
gionar (og då serleg kristendomen) å kjenna.

I uppsedararbeidet vil det dagleg vera høve til å sjå
kor lite etisk barnet er. Men det er ikkje anna enn ein
må venta. Barnet har ikkje naturgjeve fyrestellingar um
eit etisk liv. Det må få seg slike grunnsetningar gjenom
det det høyrer og ser for seg. Og dessutan og gjenom
dei røynsler det sjølv gjer. Det siste skal me og leggja
merke til. Me menneske er so, at me og kann koma til å
kjenna oss glade og åndeleg rike når me gjer det som er
etisk rett og godt. Var ikkje det tilfellet, so vilde det
vera rådlaust å få eit barn til å verta eit godt menneske.
Men denne viktuge sanning lærer me og best gjenom eiga
røynsle. Eit barn som vert tilvant å vera umsynsfullt, det
vil gjera den røynsla at det får hugnad av det sjølv og.
Ein gut som deler eit eple med bror sin, han kjenner det
fylgjer kanskje større glede med det enn um han åt upp
heile eplet sjølv. Eit barn som hjelper mor med arbeidet
ho har, vil uppleva noko som det ikkje hadde nokon

Nordeide: Frå barn til vaksen. 12

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0179.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free