- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
178

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 14. Kjenslelivet hjå born

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

178

tanke um so lenge det stod og surmulte og var trossugt
og tvert. — Det er vel elles so med oss vaksne og det, at
fyrst etter at me har gjort noko godt, kjenner me kor gildt
det er å vera god. So lenge me berre gjekk og tenkte på
det store offer som måtte til, og den store møda som
måtte fylgja med, so tok det seg ut som det vilde vera
berre toskeskap å taka til med noko slikt. Men når me
hadde gjort arbeidet, so visste me at i røynda var det klokt
at me gav oss i kast med det. For me hadde det so gildt
etterpå. — Dette at det ikkje er toskut men klokt å vera
god og arbeida for det som er godt, det vert me aldri
ferdige med å læra. Men barnet må verta sett på veg og
hjelpt til å byrja læra det.

Likevel må me vera budde på å få sjå, at når dei
etiske krav melder seg for barnet, so er den etiske kjensla
for veik til å vera grunnlaget for ein sterk etisk vilje. Og
då vert det og smått med etiske gjerningar. Den sjølvs*
lege kjensla, som ofte er i strid med den etiske, er natur*
gjeve so mykje sterkare. Og det må me og hugsa på, at
jamvel den kjensla som ein kanskje brukar ordet »etisk«
um, ho er i røynda lite etisk ofte. For det er mange
gonger heilt andre ting enn tanken på kva som verkeleg
er rett og sant, som driv barnet til å stella seg som det
gjer, jamvel når det gjer det som me kallar godt. Og so
er det visseleg ofte med oss vaksne og. Verkeleg etisk
kjensle er eit ideal som me diverre står langt burte frå
alle, tenkjer eg. Og at barnet gjer det, det er då berre
naturleg.

Logiske kjensler veit me skriv seg frå um me finn
tankesamanheng, samsvar, eller ikkje millom dei fyrestel*
lingar me tenkjer på. Det gjeld og barnet. — No segjer
det seg sjølv, at hjå det vesle barnet kann me ikkje venta
å finna logiske kjensler av den grunn, at det ikkje tenkjer
på um det er tankesamsvar millom fyrestellingane eller
ikkje. Men barnet er ikkje so gamalt fyrr me ser, at det
vil læ åt det som det skynar er meiningslaust. Det er eit

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0180.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free