- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
184

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 15. Um vitet eller skynet hjå barnet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

184

med so og segja alle sjelelege givnader. Me kann difor
segja at dei skildringar som me har gjeve av dei ymse
sjelelege ovringar hjå barnet, dei er og skildringar av bar*
net sin intelligens.

Mange har freista å peika på kva som skulde vera
det viktugaste eller det mest sermerkte ved vitet eller intel*
ligensen. Men det syner seg at meiningane er ulike. Sume
har sagt at det mest sermerkte er givnaden til medvitande
å avmåta si verksemd etter dei skiftande ytre vilkår. Di
betre eit menneske skynar å tilpassa sitt arbeid etter det
det har å arbeida med, di høgre står det i intelligens.

Andre segjer at intelligensen syner seg helst i det, at
ein kann skilja frå kvarandre dei einskilde ting i det som
er samansett og mangslunge, og sjå kva samanheng dei
ymse luter står i til kvarandre.

Ei tredje meining er den, at intelligensen serleg ligg i
å finna på nye samansetjingar. Vitet er serleg kombina*
sjonsevne, samanbindingsevne.

Me skal ikkje rekna upp fleire synsmåtar (endå det
er mange å nemna). At det er so mange meiningar tyder
på, at det er ovleg vanskeleg, kanskje og rådlaust, å finna
eit ålment kjennemerke. Og det har vel nettupp sin grunn
i det som me nemnde ovanfor, at vitet eller intelligensen
so og segja heng saman med alle sider ved det menneske*
lege sjeleliv.

Skal me so freista å få eit samla bilete av det som
er sermerkt for barnet sin intelligens, so må me med få
ord minna um eitt og anna som me fyrr har drege fram og
peikt på, når me har skildra ymse sider av barnet sitt
sjeleliv. Til dette samandrag skal her so verta knytt ymse
utfyllingar som det feil naturlegast å taka med her.

Barnet har lag til å sjå berre so lausleg på ein ting.
Det legg merke til so lite av all den rikdom det kunde
vera å ansa på. Og det som barnet legg merke til, er
helst det ytre, og det som med ein gong feil mest i augo.
Barnet gjer ikkje skilnad på viktugt og uviktugt, det store

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0186.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free