- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
185

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 15. Um vitet eller skynet hjå barnet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

185

og det små. Det brukar ikkje å velja og vraka etter slike
umsyn. Alt dette gjer at barnet har lite grunnlag for
å døma rett um den ting det har for seg, og den stoda
det nett er i.

Ein kann både titt og ofte sjå døme på kor lausleg
barnet legg merke til ein ting, og kor snart det har laga
seg ei meining som det byggjer på eit skralt grunnlag.
Mjøl, kalk og salt kann barnet kalla sukker berre av di
det ser det er kvitt, umlag som sukker kann vera. Fargen
er då det viktugaste for barnet. Eller rettare sagt: det
tenkjer ikke på at det kunde vera andre kjennemerke ein
burde sjå på fyrr ein sa noko um kva ein hadde for seg.
— Ei mor bar ein gong den vesle guten sin burt til jole*
treet og let han blåsa ut det eine joletreljoset etter det
andre. Ein kveld seinare vart guten var den blanke full*
månen. Og då tok han til å blåsa mot månen. Han
tenkte visseleg å sløkkja dette ljoset på same måten som
han hadde sløkt joletreljosa. — Det er ei vanleg røynsle
det at barnet dømer etter eit slag likskap som det upp*
dagar, jamvel um denne likskapen har lite å gjera med
det som nett er sermerkt for tingen. Barnet lagar falske
likskapsslutningar, segjer me.

Barnet har røynt lite, og det veit lite; kunnskapane er
både få og små. Det gjer at barnet so ofte står framfor
noko som er heilt nytt for det. Eller det kjenner i alle
fall få tilfelle av same slag. Men då vil barnet ha so lite
å samanlikna det nye med. Hjå barnet vert det ikkje til
eit tankearbeid so som hjå det vaksne og kunnskapsrike
mennesket. Det kjem t. d. ikkje til å tenkja på kva fyre*
muner eller mismuner dette nye har samanlikna med noko
det har set fyrr. Når barnet tenkjer so lite ofte, so kjem
ikkje det berre av at barnet ikkje kann tenkja so som den
vaksne. Det kjem og av at barnet ikkje har so mykje
vyrke eller emne til å arbeida med som dei eldre. Det
vert ståande med den snaue sansinga. Assosiasjonar som
kann føra tanken vidare, har barnet so lite av.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0187.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free