- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
186

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 15. Um vitet eller skynet hjå barnet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

186

Denne åndelege fattigdom syner seg og i barnet sitt
fantasiliv, har me set fyrr. Barnet fantaserar nok, men
det fylgjer anten kritikklaust eit mønster, eller det fanta*
serar reint vilt. Med sin fantasi kann det so lite byggja
noko attåt, so at det høver til det som det har å gå ut
frå. Barnet kjem i røynda på so lite som det er meining
i samanlikna med den vaksne. I so måte er barnet ikkje
fantasirikt; tvertum.

I den menneskelege tanke vokster kann ein skilja mil*
lom tre steg, segjer Binet: 1. å rekna upp. 2. å skildra.
3. å tolka. Eg trur det er råkande sagt. Eit 6—7*års
gamalt barn kann rekna upp ymse einskilde ting det ser
på eit bilete. Men det kann lite skildra den hending som
biletet kann vekkja fyrestelling um hjå den vaksne. Det
kann ikkje på ein vitug måte fylla biletet ut med noko
det sjølv kjem på. Barnet kjem endå ikkje til å tenkja
stort på det, at det er noko å leggja attåt. Og endå min*
dre kann det tolka biletet: kva dei menneske som det ser
biletet av, truleg må tenkja, kjenna og vilja. I det store
og heile går tanke voksteren hjå alle born gjenom desse
tre steg som Binet sermerkjer med orda: upprekning, skil*
dring, tolking. Men det er og so at hjå born kann og
sergivnaden koma fram. Og nokre born har serleg lag
til å vera åtgåige. Dei kann gjera godt greie for dei ein*
skilde ting som dei ser eller høyrer t. d. Men der stog*
gar dei og. Hjå slike born er tanken helst skiljande, ana*
lyserande. — Andre born legg merke til og forstår best
stoda, tilstandet, tilhøvet, situasjonen. Dei kann gjera
greie for kva vanske som ligg fyre, kva uppgåve som er
å løysa. Og dei har skyn på kva dei einskilde ting har
å segja for det heile. Desse borna har ein samanknytande,
ein syntetisk intelligens.

Um båe desse tvo slag born kann ein segja at dei er
serleg forstandsmenneske. Men det er andre born som
serleg er kjenslemenneske. Dei er kjenslemenneske fyrst
og fremst på den måten at det er kva andre kjenner av

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0188.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free