- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
190

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 15. Um vitet eller skynet hjå barnet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

190

seg over for barnet. — Forteljingar um einskilde men*
neske som har levt fyrr, og skildringar av deira arbeid,
det kann og høva for barnet i denne alder. Men anten
upplæringsemna er tekne frå notid eller fortid, so er det
ikkje filosofiske og abstrakte tankeproblem barnet undrar
seg over i denne tid. Det må ein aldri gløyma. Barnet
held seg til dei konkrete ting, og kann lite med å tenkja
noko um andre emne.

Den tid i barnet sitt liv som Lehmann kallar undrings*
tida, reknar han frå 6—7*årsalderen og til pubertetstida
byrjar, til 12—I4*årsalderen.

Med puberteten byrjar tankane ofte å taka ei onnor
lei enn dei har gjort fyrr. Det er ikkje berre um verda
og dei påverknader barnet får utanfrå, som avgjer kva
tankane vert sysselsette med. Tankane vert no ofte vende
ikkje utetter, men innetter. Det sjelelege tilstand som bar*
net upplever, vert ofte det emnet tanken krinsar um.

No byrjar og barnet å få trong til å ordna fyrestel*
lingane sine i årsaksrekkjer. Det er ikkje berre undring
som driv barnet. Det er ikkje nok for det å få lausrivne
kunnskapar. Noko etter kvart vert det so at barnet får
ulystkjensler når det ikkje finn tankesamanheng millom
fyrestellingane. Dei logiske kjensler tek til å vera ein
tuktemeister som uroar barnet titt og ofte og jagar’ det til
åndeleg arbeid.

Dette åndelege arbeidet syner seg m. a. i det at bar*
net meir enn fyrr tek til å styra tankane sine. Undringa
førde og det med seg, at barnet ikkje såg so lausleg på
dei ymse ting, som det hadde lag til dei fyrste åra. Tan*
ken vart ikkje so flagrande. Men no vert det endå meir
so at barnet arbeider målmedvit ande. Og då vert det og
naudsynt at det ei lengre tid held same stemnelei. Fullt
medvitande tek barnet ein viss åndeleg synsstad, og med=
vitande dømer det eit tankeemne ut frå denne synsstaden.

Når barnet kjem upp i 12—13*årsalderen, då får det
og mykje sterkare trong enn fyrr til å halda dei ymse ting

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0192.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free