Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 15. Um vitet eller skynet hjå barnet
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
191
det har lært å kjenna, klårt ut frå kvarandre etter den
ulikskap dei har. Og samstundes samlar det og til eit
heile dei ting som har ein viss likskap som knyter dei
saman. Barnet freistar no å finna det ålmenne og regelen
av ei mengd med upplevingar det har havt, og røynsler
som det har gjort. Med andre ord: barnet tek til å tenkja
abstrakt.
Med den abstrakte tenkjing fylgjer og, at barnet tek
til å finna ut logiske slutningar som er bygde på ei lengre
slutningsrekkje. Logiske slutningar kann nok barnet greia
lenge fyrr 14*årsalderen. Men då må det ikkje koma mange
leder med. Eit 10— 12*års gamalt barn finn gjerne svaret
på eit greitt spursmål der det berre gjeld å finna slutning
frå ein eller kanskje tvo tydelege fyresetningar. Men gjeld
det å bruka dette svaret til fyresetning i ei ny slutning,
og dette nye svaret att i endå ei ny slutning o. s. b., so
greier ikkje mange 10— 12*åringar å skyna kva sluttsvar
ein kjem til. Fyre 14*årsalderen arbeider dei fleste born
berre med »kortslutningar«. Fyrst seinare greier dei å
meistra ei lengre slutningsrekkje. Det er ein røyndom
som truleg alle lærarar har gjort. Og den vitskaplege
gransking stadfester og det. Meumann segjer soleis: »Eg
har uppatt og uppatt gjort meg umak med å koma etter
um barnet kann skyna logiske fylgjeslutningar, eller kor*
leis det er. Eg har vanleg funne at fyrst sers seint ligg
dei for borna dei logiske fylgjeslutningar som dei får til
på skulen. Truleg er det fyrst i siste skuleåret (på folke*
skulen), i 14*årsalderen at det kann vera tale um at bar*
net er i stand til å få oversyn over og å skyna ferdig*
gjorde slutningar og slutningsrekkjer.« Som me ser, meiner
Meumann, at borna ofte i røynda ikkje skynar jamvel det
tankearbeid som det ser ut til dei skulde makta. Og det
kann godt vera at granska me spursmålet vel, so vilde me
ofte finna i so måte det me ikkje skulde vilja tru fyreåt.
Det er visst ikkje sjeldan at barnet svarar rett liksom etter
reglar og skjema, men i røynda ikkje sjølv skynar stort
av den visdomen det legg for dagen.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>