- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
192

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 15. Um vitet eller skynet hjå barnet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

192

Det er sjølvsagt so, at det er ikkje råd å setja visse
skiljemerke millom instinktiv forvitenskap, undring og logisk
tenkjing. Og heller ikkje let det seg gjera å segja visst
når eit barn t. d. tek til med logisk tenkjing til vanleg.
Når 6—7 og 13—14*årsalderep er nemnde som grenseår
for undringstida, so er det sjølvsagt ikkje å taka som ein
fast regel. Den åndelege vokster går ikkje like snart for
seg hjå alle born. Skilnaden på dei ymse born er visst
like stor åndeleg som kroppsleg. Og hjå same barnet er
og voksteren ulik til dei ymse tider. Det er stogg, kvile*
stunder kunde ein segja, og det er tider då voksteren går
svært fort. Me veit og det, at ikkje alle menneske kjem
like langt. Ein kann trygt segja, at hjå sume menneske
vert den logiske trong alltid veik. Difor ser ein og at
mange bryr seg lite um å ofra noko serleg tid og kraft
på logisk tenkjing.

Barnet sin intelligens må ein døma ut frå den alder
det har. Tvo born med same åndelege arbeidsevne til ei
viss tid, kann godt vera so at ein må segja um det eine
at det er ovleg intelligent, og um det andre at det er ein
fåming. Det gløggaste mennesket har ein gong ikkje vore
lenger kome enn ein abnorm stakkar kann vera nådd i
22*årsalderen. Skilnaden millom tvo slike er, at den gløgge
har vakse so mykje snarare og truleg og i noko lenger tid
enn den andre. Og so har den fyrste vorte ei åndeleg
kjempe, og den andre ein dverg i samanlikning med han.
Difor segjer og Binet, at ein fåming er å rekna for eit
individ som har stogga på eit tidlegare steg i sin intellek*
tuelle vokster enn vanlege menneske.

Skal ein døma um kor høgt eit barn står i åndsuU
vikling, so er det sjølvsagt ikkje råd å sjå berre på dei
kunnskapar barnet har. Men det er det som vert gjort
so ofte. Det er fortalt at ein lærar ein gong vart spurd
um kven som var den beste eleven i klassen han hadde.
Denne læraren hajdde ikkje havt klassen so lenge, so han
kjende no ikkje elevane so nøgje. (Han måtte vel heller
ikkje vera av dei skynsamaste). — Men det var då ei

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0194.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free