- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
202

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 15. Um vitet eller skynet hjå barnet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

202

Den yngste, Armande, skreiv denne stilen på 8 minut*
tar: «Dette er eit hestekastanjeblad som — lausrive av
haustvinden — nyst fall stilt til marka. — Bladet er gult,
men har endå sin fastleik og sitt skap; kanskje finst det
endå litegrand livskraft her og kvar i det stakkars døyande
bladet.

Nokre merke av den grøne leten det hadde fyrr, finst
endå ymse stader på bladet; men det gule har overtaket.
Ein brun og raudleg bord pryder utkantane. — Dei sju
blada er allesaman beintfram vene endå; den grønlege
stilken har endå ikkje vorte skild frå dei.

Stakkars blad som no har den lagnad å verta ført
av vinden kring på vegane og so rotna i ein haug saman
med mange andre blad. Idag er det daudt; endå igår
levde det. Igår hekk det på greina si og venta på den
lagnadstunge vindstøyten som skulde riva det laust —
liksom eit menneske som ventar på dødsdomen sin.

Men bladet kjende ikkje til fåren og fall stilt til
marka.»

Kvar skynsam lesar vil med ein gong vera viss um,
at det er stor sjeleleg ulikskap på desse systerne. Båe
stilane vitnar um, at den som har skrive, er komen langt
fram i åndeleg vokster — for ein 11 — 12*åring å vera
då. Og i so måte er vel skilnaden ikkje so stor. Ulik*
skapen syner seg i, at den eine er eit menneske av eit heilt
anna slag enn den andre. — Den eldste legg vel merke til
det som sansane kann melda um bladet. Ho fortel nog*
grant og turt, men klårt og greitt. — Den yngste systera
ser ikkje so mykje av alt det som er å sjå på bladet.
Når ein tek undan det ho skriv um fargen, so må ein
segja ho fortel lite um sjølve bladet. Ho skildrar derimot
dei tankar og kjensler som vaknar hjå henne når ho
tenkje r på bladet. Hjå den eldste systera får ein sak*
kunnskap; hjå den yngste fantasi og poesi. Den fyrste
høyrer tydeleg til den objektive intelligenstype; den siste
endå tydelegare til den subjektive.

Ser me på kva slag uppgåver dei ymse menneske i

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0204.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free