- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
203

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 15. Um vitet eller skynet hjå barnet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

203

serleg mun har givnad til å løysa med si tankeverksemd,
so kann me og skilja menneska i tvo flokkar som står
som motsetningar til kvarandre: teoretikarane og prak=
tikarane.

Det er sume som har serleg givnad til å granska og
gruvla. Den logiske trong er sterk. Dei kann ikkje slå
seg til ro fyrr dei finn årsakssamanheng millom fyre.
stellingane. Og det er reglane, lovene dei ymse ting går
etter, dei må få klårt for seg. No er det ikkje visst at
alle stikk so ovleg djupt. Dei store tenkjarar er sjeldsynte.
Men um ikkje det er so vanskelege spursmål tanken arbeider
med, so er det lel so, at dette slag menneske får orden
på det dei veit, anten det er mykje eller lite. — Men det
er og eit anna kjenneteikn dei har sers mange av dei: i
det praktiske liv duger dei ikkje. Det er so forgale smått
med mange av dei i so måte. Dei er «trenevar» og nokre
hjelpelause stakkarar kva dei skal gjera av vanleg arbeid.
Serleg er dei då reint ubrukelege til kroppsarbeid.

Det er når det gjeld å setja noko i verk og å få
noko gjort soleis i livet, det er då praktikarane er mei.
strår. Dei har naturleg givnad til å vera åtgåige, når
det gjeld slike ting som dei får å arbeida med i det
praktiske liv. Tanken er vend utetter. Sjelegransking og
tankeknutar arbeider dei ikkje stort med. Slikt ånds.
arbeid som å målføra seg fint og greitt, og å greia ut
tanken i ei bok eller eit blad o. s. b. går det gjerne smått
med, um dei skal prøva. Men so har dei ofte eit godt
herredøme over seg, og serleg har mange av dei eit godt
handelag til eit eller anna slag arbeid der det spørst um
ein slik givnad. Dei er netthendte, arbeider kanskje og
snart, og mange av dei står sjeldan fast når det gjeld
eit kroppsarbeid. I so måte er dei uvanleg godt sjølv,
berga. Slikt tankearbeid som krevst um ein skal arbeida
som ein vanleg gardbrukar, fiskar, handverkar, fabrikk,
arbeidar, vegarbeidar o. s. b., greier dei og, so dei er godt
arbeidsføre i slike tilfelle. Sume vert og sers glupe idrotts,
folk. Og likeins finn ein mange som er forretningsfolk. —

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0205.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free