- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
209

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 16. Viljelivet hjå born

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

209

Kar umsynet til andre so lite å segja for barnet endå. Den
etiske eller sedelege viljen er veik.

Den trossugskap barnet kann syna, er i røynda ikkje
merke på karakterstyrke. Barnet har ikkje fått faste
grunnsetningar som det byggjer på og rettar seg etter i
livet. Me kann sjå at ein dag kann ein gut vera reint
uppsett på å gjera noko som det dagen fyrr var rådlaust
å få han til. Det er reint ei lune, eit innfall som barnet
fylgjer, og ikkje noko anna. —

Barnet har og fått so lite faste vanar endå. Det har
ikkje fått visse vegar som det går etter skikk og bruk.
Difor er det so rådvillt ofte då ein vaksen aldri vilde
tveka det minste, men taka den gamle vegen utan råd*
leggjing anten med seg sjølv eller andre.

Barne viljen er lite uthaldande. Barnet spring snart
til; det evar seg ikkje lenge, og tenkjer seg ofte lite um
fyrr det legg i veg. Men når vanskane melder seg, so
gjev det seg lett over. Og fylgja er då at det kjem til
å arbeida berre turevis. Arbeid byter det og alt i eitt.
Det har so lite støleik i det heile. — Og so er det so lett
å påverka. Serleg har suggestionen ei ovleg stor makt
over barnet. Det let seg draga til den eine eller andre
kanten jamvel av slike ting som det ikkje burde leggja
minste vekt på.

Sjølvsagt er borna mykje ulike innbyrdes i viljeliv og
arbeidsmåte. Det er noko dei veit alle som har havt med
nokre born å gjera.

Sume born har lag til å vera tyrannar. Serleg kann
det vera tilfellet med ikkje so få av gutane. Får dei
den vanen at dei berre har å finna på noko, so skal det
til, so kann det ikkje verta å halda ut med dei. Både
vaksne og andre born kann då måtta lida mykje vondt
for deira skuld. At ein forkjert uppsedingsmåte i stor
mun er årsak til at sume born vert so kravsame, det er
tvillaust. Men barnenatura og serleg gutenatura er so, at
ein kann få ein fæl hustyrann av eit barn fyrr ein veit
ordet av det. Her og gjeld det, at det er lettare å sløkkja
Nordeide: Frå barn til vaksen. 14

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0211.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free