- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
210

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 16. Viljelivet hjå born

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

210

elden på tilet enn på taket. Er vanen fyrst komen inn,
kann han vera vond å få ut att.

Det er vel ikkje nett so ofte at ein får å gjera med
born som har det med å gå og tusla for seg sjølv. Men
det hender det og. Dei held seg helst åleine, og skyr
andre born. Det er lite tiltak i dei ofte. Arbeidsviljen er
veik. Ikkje sjeldan er det at dei og er mismodige og tung*
lynde. — Ein vitug uppsedar vil kunna vera til stor hjelp
for slike born. Men her spørst det um stor pedagogisk
skynsemd. Dei tek skade både av umannsleg kjæling og
av hardhendt medferd. Med fast men mild hand må dei
verta tekne med inn i høveleg arbeid. Det er visseleg den
beste lækjedom for slike.

Andre born sermerkjer seg med å vera so rolege,
flegmatiske. Dei har ein sterk vilje og har eit åndeleg
herredømme over seg som mang ein vaksen kunde ha grunn
til å misunna dei. Stride og påstålege er dei ofte, og
har tungt for å lyda jamvel um det gjeld berre ein små*
ting. — For uppsedaren er det ei vanskeleg uppgåve å
få rådvelde over eit slikt barn. Og ikkje nyttar det
heller, dersom ikkje han er i stand til å visa endå større
ro og endå større fastleik enn barnet kann syna.

Stundom kann ein få sjå hjå eit barn eit slag vilje*
sjukdom som kann vera ovleg fårleg på mange måtar.
Eg skal taka eit døme frå det verkelege livet. So vil alle
lett skyna kva det her gjeld. Eg vel eit som Meumann
fortel: »Ein gut eg kjende, kom på ein ny skule. Han
var då 13 år. Den læraren som han hadde havt fyrr,
hadde nok noko imot han. Og læraren hadde den taktløyse,
at han let falla nokre stygge lastord, som guten ikkje ein
gong hadde fortent, samstundes med at han gjorde den nye
læraren kjend med han. Fyrr hadde guten vore reint ein
gild elev; men frå denne stund gjorde han ingen ting.
Det var ikkje berre det, at det intellektuelle arbeidet hans
gjekk tilbake frå dag til dag. Ansing og åtferd var det
og mykje å segja på. Han vart sky, og det la seg som
ei tyngsle over sjelelivet hans. Då skuleåret var umme,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0212.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free