Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 16. Viljelivet hjå born
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
212
mangt eit barn meir enn folk tenkjer på. Det er få men*
neske foreldra har grunn til å vera so takksame mot.
Det er elles ikkje berre for borna det har so mykje
å segja at ein likar seg, og at ein har tru på at ein kann
greia noko. Me vaksne har det noko på same måten.
Me har fyrr nemnt, at får ein mann so mange ord å hugsa
med ein gong at han trur han ikkje greier det, so hugsar
han mykje mindre enn ein annan gong då han får so
få ord at han kjenner seg trygg. Det har so ovmykje
å segja um ein verkeleg sit med den faste tanken og
viljen: dette kann eg greia, og dette skal eg greia. Er
ein tvilande, so er ein og i stor mun maktstolen — i skule=
arbeidet og, som i arbeidet elles i livet. Det er vel i det
heile sanningsord desse orda som Meumann skriv: »Ikkje
den intellektuelle givnad som forstandsgivnad borgar for
at det vert brukelege menneske i livet; det spørst meir um
kor sterke og fine kjenslene er, og kva eigenskapar viljen
har. Den røynsla ein har gjort med vaksne, stadfester
og dette: viljen til å nå noko, avgjer lagnaden for eit
menneske.«
Dei viljehindringar me har tala um ovanfor, hadde
upphavet sitt i at barnet kjende seg såra av andre. Men
og frå ein annan kant kann viljen hjå sume born få
eit meinhogg. Eit barn kann ha gjort eit stygt feilsteg,
som det aldri kann gløyma. Ofte dreg då eit slikt barn
seg burt frå andre menneske. Det freistar gøyma seg
burt og vil mest ikkje tala med nokon. I alle fall vil det
ikkje fortelja til nokon kva det går og tenkjer på. Eit
slikt barn kann verta gåande soleis i lang tid. Det stygge
minnet på den eine sida, og so sjølvvyrdnaden på den
andre, kann ikkje halda seg i den same sjel. Og stundom
går det då so, at barnet får mindre og mindre vyrdnad
for seg sjølv. Det vonde samvit vert ikkje ei stålsetjande
makt diverre, og difor heller ikkje ei varnande. Midt i si
liding kjem barnet gjerne til å leggja stein til byrda med
nye feilsteg. Og veikare og hjelpelausare vert det for kvar
gong. Det kann koma til det, at barnet vert eit men*
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>