- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
213

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 16. Viljelivet hjå born

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

213

neske som driv som stokk i straum utan ans for kva veg
det tek.

Eit slikt barn treng ein uppsedar med psykologisk
kunnskap, og med hjartelag og offervilje. Den einaste
berging ser ut til å vera, at barnet møter nokon som
kann få det til å tala ut under fire augo. Skal ein slik
viljetynt stakkar makta å koma seg ut av berget som det
heiter i folkevisene, so må det ei slik sjeleleg uppgjerd
til. Men ei slik tilståing og berrleggjing kann ikkje verta
tvinga fram. Um so er, er ho nyttelaus. Ho må koma
som ei naturleg fylgje av den tiltru som uppsedaren har
vakt hjå det lukkelause barnet. Er han eit religiøst vakt
menneske, so vil han visseleg kjenna eit hjelpemiddel som
han ikkje anten vil eller kann lata vera unytta i dettte
åndelege lækjararbeidet. Kanskje kann han koma til å
eiga noko av den makt folkevisene let kyrkjeklokkene ha,
når det spørst um å få den bergtekne utatt frå berge*
kongen.

Det ser ut til at sume born, som har havt ein slik ut*
viklingsveg nedover som me har teikna ovanfor, ikkje vert
ståande med å vera eit viljeveikt, men samvitsplaga men*
neske. Det kjem ikkje berre til det utviklingsstade som
folkevisa um Margit Hjukse skildrar. Vert det inga
utfriing, so kann det gå endå lenger nedover. Det som
fyrst valda den sjelelege krisa, kann verta gløymt. Det
kann koma heilt ut av tankane, so barnet ikkje hugsar
det minste av noko av dei fyrestellingar som ein gong var
knytte saman i eller kring dette syrgjelege minnet. Men
det er ikkje berre desse fyrestellingane som kjem burt.
Noko etter kvart kjem vekk og andre fyrestellingar som
eit vanleg menneske aldri vilde missa. Og både kjensle*
og viljelivet vert skamfare på same måten. Barnet vert
som ein tulling i mange stykke. Både intellektuelt og
moralsk kann det koma langt under lågmålet for eit
vanleg menneske. — Eit slikt tilstand vil og oftast verta
fylgt av eit øydelagt nerveverk. Det kann då koma rider
då barnet er reint hysterisk.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0215.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free