Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 16. Viljelivet hjå born
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
215
vondt mot barnet um han let det få halda fram som det
ynskjer. Men i grunnen kjenner barnet seg veikt og hjelpe*
laust. Det feil verkeleg naturleg for det vesle barnet å
taka mot hjelp. Det vert ikkje såra av det, og det tek
ikkje skade. Det er noko av barnet sin forrett dette.
Men samstundes må det og stå klårt for uppsedaren,
at barnet skal ikkje vera barn alltid. Det skal verta eit
vakse menneske, sjeleleg som kroppsleg. Og då gjeld det
ikkje minst, at det har fått ein vilje som både er før til
å velja rett og til å setja vedtaket i verk.
Det er serleg på tre måtar barneviljen kann verta
påverka: gjenom tanken, kjensla og innøving.
Barnet får noko etter kvart evne til å tenkja. Det
får vit og skyn. No veit me at viljen kann verta på*
verka gjenom vitet. Når me vaksne skynar at noko er
det beste, so kjenner me visst alltid ei tilskunding til og
å gjera det um det er råd til det. Soleis er det med
barnet og. Men i lang tid skynar barnet so lite, og det
veit so lite. Det har ikkje dei naudsynlege kunnskapar.
Og um det kunde få kunnskapane, so greidde det ikkje
å bruka dei. Det er difor lenge ikkje råd å verka på
barneviljen på denne måten. I alle fall er det so i svært
mange tilfelle. Det er difor tvillaust, at ein ofte i det
praktiske uppsedingsarbeid vert nøydd å krevja lydnad
av barnet jamvel um det ikkje skynar kor rettvist det er
det kravet ein kjem med. Det vil ofte vera burtkasta tid
og eit nyttelaust arbeid å freista prova for barnet kor
mykje rett ein har. — Men eg trur ikkje dette bør få oss
til å tenkja at me aldri skal bry oss med grunngjeving,
ikkje ein gong i dei tilfelle me veit at barnet kann skyna
at kravet er rettvist. — Barnet skal læra å bruka vitet
sitt til rettleiing for viljen. Men det treng hjelp til dette
på mange måtar. Og den hjelp bør det få av upp*
sedaren ikkje minst. — Me skal og hugsa at den viktu*
gaste uppsedingsuppgåva er å få barnet til å vilja gjera
det som det bør gjera. Det er noko mykje, mykje større
enn berre den ytre eller synlege lydnaden. Og rett og
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>