Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 16. Viljelivet hjå born
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
216
sanning kann verta ei makt i barnet sitt liv og, når berre
barnet skynar kva som er rett og sant. Lat vera at både
den forstandige og den etiske viljen er ovleg veik lenge.
Det er so. Men vitet opnar då ei dør for oss inn til
barnet sitt inste sjeleliv. Og her er ein av dei stader ein
må taka til med påverknadsarbeidet.
At me ofte vil få sjå at barnet ikkje lyder, endå
um det skynar det gjer noko gale, det må me diverre
vera budde på. Det kann og vera mange ting som dreg
barnet til å ikkje lyda. Det me tykkjer er småting og
verdlaust, har gjerne mykje å segja for barnet. Det har
i mange tilfelle ein annan verdmælar enn me vaksne. Og
det gjer, at me har tungt for å setja oss inn i korleis
spursmålet kann taka seg ut for barnet. Lydnaden kann
ofte vera mykje tyngre for barnet enn me tenkjer.
Som me veit og skynar, kann me ikkje lata uppsedings*
arbeidet verta berre ei klårgjering for barnet av korleis
det bør leva. Me må og verka på barneviljen gjenom
dei kjensler me kann få vekkja hjå barnet.
Dei kjensler me kallar fram hjå barnet, når me krev
av det noko det sjølv ikkje har hug til, er diverre ulyst*
kjensler. Sjølve kravet har for det fyrste den fylgja. At
me har barnet sitt vel for augo, skynar ikkje barnet sjølv
i so mange tilfelle. Spursmålet vert då um me på annan
måte kann vekkja kjensler som lettar striden for barnet,
so det kann verta i stand til å lyda. Og det kann me i
nokon mun.
Er alt som det skal vera millom foreldre og born, so
vil barnet kjenna seg knytt til foreldra med sterke band.
Det ser i foreldra noko som det ikkje kjenner maken til.
Det kjenner seg trygt og ottelaust når det har foreldra
å halda seg til. Aleine kjenner barnet seg hjelpelaust.
Reint naturgjeve vil eit barn ikkje ha det godt, når det
skynar at det har mor og far mot seg. Det kjenner at
ikkje alt er som det skal vera då. Eg vil ikkje kalla
denne kjensla kjærleik. Ho er meir naturgjevi enn kjær*
leiken, og har sine røter meir i eit slag barneinstinkt.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>