- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
217

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 16. Viljelivet hjå born

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

217

Denne barnekjensla — eg vil kalla ho so — er og som
nemnt ovanfor sermerkt med det, at ho er både avmakts*
kjensle og tryggleikskjensle. Kor kann ikkje eit barn beda
um hjelp til nær sagt alle ting, men likevel vera so strå*
lande glad og vel tilfreds, og trygt og ottelaust, som um
det ikkje fanst vanskar og fårar til — so lenge det berre
har mor eller far å springa til når noko står på.

Denne barnekjensla kann noko etter kvart gå over
til å verta glede over å få vera til hjelp eller til hugnad
for dei barnet kjenner seg bunde til. Barnekjensla kann
gå over til kjærleik. — Og på den andre sida kjenner
barnet seg so sorgfullt når det skynar, at det vesle det
kann gjera, ikkje vert påvyrdt eller umtykt. Barnet har
slik trong til å verta rekna med. Og vert det liksom
skuva attende og jaga burt — ut frå dei vaksne sitt arbeid
og samfund — so kjenner det seg so fattigt og sårt. Den
uppsedar som ikkje skynar barnet her, og har hjartelag
for det, so at han møter det på ein slik måte at det
kjenner at kjærleik møter kjærleik, hjarta møter hjarta,
den uppsedar burde aldri vera tiltrudd born, og han burde
aldri få ha med born å gjera. Han vil aldri verta anna
enn korporalen for barnet, lat han vera so vel utdana og
elles so »metoderett« i sitt lærararbeid som han berre vil.

Det er barnekjensla og barnekjærleiken som uppseda*
ren må nytta til å venda barneviljen rette vegen. Dei
band som naturleg vert knytte millom barn og uppsedar,
gjev han ei åndeleg makt over barnet. Dei krav upp*
sedaren stiller til barnet, kann det få hug til å retta seg
etter nett av di det er han som ynskjer det skal stella seg
so. Dei kjensler som vaknar i barnesjela når barnet
tenkjer på han, vert liksom flytte over på dei påbod
og forbod han gjev. Me veit alle korleis eit vanskeleg og
tungt arbeid kann verta kjært for oss, dersom ein me elskar
og held av, har bede oss um å gjera det. Men kor kann
ikkje uvilje mot den som har lagt arbeidet på oss, gjera
det tungt og mødesamt som i seg sjølv kanskje er lett og
liketil. Det er ei djup psykologisk og pedagogisk sanning

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0219.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free