Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 16. Viljelivet hjå born
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
222
alt Aristoteles. Difor innprentar han og so sterkt: øv
barnet, øv det til å gjera det du trur det bør gjera. Og
nettupp i vår tid kann ein segja Aristoteles sine ord har
vorte til slagord. No ser me kanskje klårare enn det har
vore set fyrr, at barnegivnaden fyrst og fremst peikar mot
praktisk arbeid. Difor er det og so at den moderne peda*
gogikk i serleg mun byggjer på arbeidstanken, aktivitets«
prinsippet.
Ein skal ikkje ha havt mykje å gjera med born fyrr
ein har røynt det, at det er lettast å få eit barn til å
vera lydigt når det får ha noko å stella med, å arbeida
med. Barnet trivst ikkje av å gå gjerandslaust. Yrke*
løysa er beint fram unaturleg for eit barn som er friskt
både på kropp og sjel. Høveleg arbeid — og det vil i
mange tilfelle måtta verta høveleg leik — skapar glede
og hugnad. Og aldri feil det so lett og naturleg for barnet
å vera lydigt som når det er til freds og i godlag. —
Me veit og, at får barnet eit høveleg arbeid å sysla med,
so vert tankane upptekne med det. Og då vert det ikkje
so sterkt freista til å finna på nokon galskap. Unytta ar*
beidskraft er ei stadig freisting for born som for vaksne.
— Kor pedagogisk farleg yrkesløysa er, det ser ein tyde*
legast når ein har med vanrøkta og forsømde born å
gjera. Dei som har vore lærarar på uppfostringsheimar
for slike lukkelause stakkarar, dei kann fortelja nok um
det. Noko av det som det gjeld mest um for slike born,
det er nettupp at dei aldri får vera beint fram yrkelause.
Eg har høyrt velrøynde lærarar på slike uppfostrings*
heimar segja, at dei lett har kunna lagt merke til, at i ei
slik tid då barnet har gått arbeidslaust, då har det vorte
øydelagt det som har vore bygt upp og innøvt i lange
tider gjenom uppsedingsarbeidet. — Eg tenkjer og at
mange foreldre vil ha gjort tunge røynsler på same måten,
jamvel med born som slett ikkje er forsømde eller serleg
moralsk utskjemde. Difor er det so vondt å høyra at
born klagar over at dei ikkje veit noko å taka til med.
Det er vondt av di ein i eit slikt tilfelle kjenner og veit
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>