Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 16. Viljelivet hjå born
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
223
med seg sjølv at ein ikkje gjer mot barnet det ein burde
gjera. For barnet har grunn til å klaga. Det har det
vondt, og det lider skuldlaust. — Diverre kann det ikkje
alltid vera so godt å ha noko å lata barnet få sysla med.
Serleg er me byfolk ofte ille stelte. På landet, og serleg
for dei som har gard og krøter, er det so mykje lettare.
Men anten det er lett eller vanskeleg, so må me foreldre
aldri gløyma, at noko av det verste me kann gjera mot
borna våre, det er å lata dei gå yrkelause. Få ting er
meir øydeleggjande for viljeuppsedinga.
Det er tvillaust at ein må nytta alle desse tre vegane
inn til barnet sin vilje: gjenom tanken, kjensla og inn*
øving. Stundom høver den eine best, og stundom den
andre. Og reint praktisk set må me segja, at me i so
mange tilfelle kjem til å nytta fleire påverknadsmåtar
samstundes. Kva måte ein i det einskilde tilfelle helst
skal leggja vekt på, vert ei pedagogisk skynssak. Det er
so mykje um å gjera kor gamalt barnet er, og kva spurs*
målet gjeld. At vegen eller måten og må verta vald
med umsyn til korleis både barnet og uppsedaren per*
sonleg er, det er og visst. Det er dette som gjer arbeidet
med born so vanskeleg. Og det er dette som gjer at det
aldri er råd i pedagogiske skrifter å setja upp visse reglar
for korleis ein skal bera seg åt. — Det er sume som
ventar at ei pedagogisk bok skal vera som ei kokebok. I
kokebøker står det so klårt og greitt: vil ein få eit visst
slag mat, so skal ein taka so mykje av det slaget, og so
mykje av andre og tredje og fjerde slaget som er upp*
rekna, og so stella seg so og so. Då får ein det slag
mat ein ynskjer, og soleis som ein ynskjer han. Og ein
kann fyreåt rekna ut kva maten kostar, um ein vel det
eine eller andre slaget.
Diverre er det rådlaust for oss pedagogar å gjeva
råder som det er so lett og liketil å fylgja. Og ikkje
kann me gjeva upplysning um kostnaden i dei ymse tilfelle.
Men det verste av alt er det, at me kann ikkje kavera for
kva synlege frukter det vert å få av strevet. Det er i
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>